William Moberg Hetleflåt har verkeleg markert seg i noregseliten dei siste åra. Neste år har han som mål å gå til topps i junior-klassen. (Alle foto privat)
William Moberg Hetleflåt har verkeleg markert seg i noregseliten dei siste åra. Neste år har han som mål å gå til topps i junior-klassen. (Alle foto privat)

Kopierte fjorårssuksessen

Han har berre konkurrert i tre år. Likevel har 13 år gamle William Moberg Hetleflåt alt skaffa seg to NM-bronsar i dragrace.

Osingen starta å køyra dragrace som 10-åring. Ifølgje far, mekanikar og støttespelar, Truls Hetleflåt, heilt av fri vilje.

- Jaudå, me var og såg litt på dragrace alt frå då han var liten, men eg har aldri pressa han inn i denne sporten. Dette er noko William ville sjølv, poengterer Hetleflåt seinor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fire av seks race

Denne sesongen har dragracekøyraren frå Os starta fire av seks Noregs-cup-race. Med jamt over gode prestasjonar enda han, til liks med i fjor, med NM-bronse.

- Det har vore nok ein bra sesong. Med siger på Gardermoen og ein andre-, tredje- og fjerdeplass vart det nok ein bronse. Det er me godt nøgde med, konstaterer pappa Truls.

William har også konkurrert internasjonalt denne sesongen. I EM vart han nummer fem.

William og resten av Junior dragstar-gjengen som køyrar Noregscupen fekk tidlegare i sommar vitjing av samferdsleminister Kjetil Solvik- Olsen.
William og resten av Junior dragstar-gjengen som køyrar Noregscupen fekk tidlegare i sommar vitjing av samferdsleminister Kjetil Solvik- Olsen.
Dragacing-bilen til William er ein RTC Outlaw 2003-modell. Bilen har ein 490 kubikks motor som yter 70 hestekrefter.
Dragacing-bilen til William er ein RTC Outlaw 2003-modell. Bilen har ein 490 kubikks motor som yter 70 hestekrefter.

- Om me hadde hatt råd og tid til å konkurrera meir, ville William ganske sikkert ha hevda seg høgare på lista. No vart han nummer fem i EM, og det etter å ha fått med seg berre fire av 14 race, kommenterer faren.

Rask reaksjonsevne

I dragracing handlar det mykje om å ha god reaksjonsevne. William har så absolutt talent for det.

- Frå det grøne lyset kjem opp til William reagerer kan det gå så lite som 0,5001 sekund. Ettersom det er disk på 0,4999, skjønar ein at det her er snakk om svært små marginar, poengterer Truls.

William konkurrerer i junior dragstar-klassen. Klassen er open for sjåførar i alderen 8-18 år.

- Det er ein stor klasse, og William har fleire år på seg før han må opp i høgare klasse. I så måte er det naturleg at me no hevar målsetnaden litt for neste sesong. Får me litt ekstra sponsorstøtte, slik at me kan koma oss rundt på fleire konkurransar, er det absolutt sannsynleg at William kan gå heilt til topps i klassen i 2017 - ikkje berre i NM, men i EM også, meiner pappa Truls.