Martin Pedersen kom inn i pausen, og bidrog med to mål og ein målgjevande.
Martin Pedersen kom inn i pausen, og bidrog med to mål og ein målgjevande. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Lysekloster med meisterleg opphenting

Det såg mørkt ut då Brann 2 gjekk til pause med ei tomålsleiing, men ein innbytar blei sentral i det som var ein imponerande snuoperasjon.

Det var ikkje mykje som stemde for heimelaget før pause. I går slo Vard Haugesund Strømsgodset 2, og med det er Lysekloster sjanselause på opprykk i år. I førsteomgang mot Brann 2, kunne det sjå ut som at spelarane var påverka av dette.

– Har det vore vanskeleg å motivera spelarane etter førre helg?

– Eg føler ikkje det. Om ein ser bort frå førsteomgang i dag, har dei vore fokuserte. Det er lett for at ein fell nedpå 20 prosent når alt vi har jobba for har roke. Men eg opplever god samhald og energi i gruppa. Vi skal nyta dei siste kampane. Det kjekkaste som er, er å spela fotballkampar, seier Lysekloster-trenar, Ruben Hetlevik.

Måtte stramma opp laget i pausen

Brann 2 tok leiinga etter vel eit kvarter spelt. Ei avslutning frå skrå vinkel, passerte keeper Maciej Raniowski i nærmaste hjørne. Etter 37 minutt var bortelaget på farten igjen. Etter fin opprulling på høgresida, blei ballen spelt 45 grader ut til Erik Olaf Krohnstad, som banka ballen i lengste hjørnet. Lysekloster hadde tilløp til nokre sjansar, og Erik Jacobsen var nære på med hovudet tidleg i kampen, men det var ikkje mange store sjansar dei kom til.

– Kva sa du til spelarane i pausen?

Simen Næss skåra det første for Lysekloster.
Simen Næss skåra det første for Lysekloster.
Ruben Hetlevik var stornøgd etter kampen, men fortel at han måtte stramma opp laget i pausen.
Ruben Hetlevik var stornøgd etter kampen, men fortel at han måtte stramma opp laget i pausen.

– At vi måtte opp med konsentrasjonen, innsatsen, og ha meir energi i spelet. Eg meiner at vi er betre enn Brann 2 uansett kva lag vi stiller med, men det såg ikkje slik ut før kvilen. Vi svikta på ting som er basis i fotball – rett og slett. Etter kvilen var vi flinkare til å ta på oss press, og bruka lengre tid i oppbygginga for å setja opp dei rette bevegelsane, for så å finna den ledige medspelaren. Vi måtte også vera meir samla i presset og ikkje gje dei så mykje rom, for då er dei gode, seier Hetlevik.

Superinnbytar Pedersen

I vår, då Lysekloster møtte Os på Kuventræ, var det innbytar Martin Pedersen som fiksa biffen. Nemnde Pedersen erstatta Eskild Båsen i pausen, og var svært involvert i snuoperasjonen. Då det var spelt tre minutt i andreomgang, hadde han notert seg for ein målgjevande og ei skåring. Han var involvert i mykje av det heimelaget skapte etter kvilen, og åtte minutt før slutt, spaserte han inn 3-2, etter at keeperen hadde redda første avslutning frå Simen Næss.

– Vi spelte fin fotball etter kvilen. Då våga vi meir. Det var ekstra kjekt at det var Martin som fekk to mål og ei målgjevande. Han har hatt ei tøff haust, etter å ha mista mora, seier Hetlevik.

Fleire sentrale spelarar borte

Det var fleire spelarar som mangla for Lysekloster søndag kveld. Denis Ljubovic var suspendert. Alonso Sanchez er framleis ute med skade. Kontraktane til Damian Garbacik, Karol Zielinski og Szymon Walczak er terminerte.

– Damian og Karol fekk sjansen til å prøva seg hjå ein klubb i Polen, så vi blei samde om å avslutta samarbeidet. Szymon måtte ta eit tøft val å trappa ned fotball i ei tid med mykje skulearbeid. Han ville konsentrera seg om det, og det har vi respekt for, seier Hetlevik.

– Ser det ut til å bli stor utskifting i spelarmateriale også denne vinteren?

– Vi håper ikkje det. Signala er positive. Vi har starta samtaler med dei fleste, og det er ingen som har sagt at dei ikkje ønskjer å vera med vidare. Men, vi har mange gode spelarar, og det er større klubbar som har vist interesse for fleire. Om vi mister ein spelar av den grunn, er vi berre stolte. Det hadde berre vore fantastisk, seier Hetlevik.