NM-dronninga, Terian Kaelo (13)
13-år gamle Terian Kaelo tok i fjor sitt første NM-gull i sandvolleyball. I går følgde ho opp med eit nytt NM-gull i U-15-klassen med ein makker ho aldri har spelt saman med før.
SANDVOLLEYBALL-NM I KRISTIANSAND: Terian Kaelo og makkeren hadde som mål å koma til finalen, sjølv om dei ikkje akkurat kjenner kvarandre godt som volleyballspelarar.
– Julia og eg har verken trent eller spelt saman før. Ho er frå Tønsberg. Vi trefte kvarandre på NM i fjor og blei venar. Då ingen av oss hadde ein makker til NM i Kristiansand i helga, bestemte vi oss for å spela saman, seier Kaelo.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det viste seg å vera eit sjakktrekk, for dei to 13-åringane gjekk heilt til topps i U-15-klassen.
I ein klasse for seg sjølve
Brødrene Hendrik og Anders Mol er med og hjelper dei unge sandvolleyballspelarane til Strandvik i helga. Anders, som har eit par veker ferie, før han sjølv skal i sving igjen, fortel at han nesten ikkje trur det han ser når han ser Terian Kaelo spela volleyball.
– Det Terian og Julia presterer er vanvitig imponerande. Dei er i ein klasse for seg sjølve, seier Mol.
Jentene, som er 13 år gamle, hadde full kontroll i sanden, sjølv om dei ikkje har spelt saman før.
– Teriane kan spela med mange ulike makkerar. For ho gjer ein solid jobb sjølv, og er i tillegg er ho ein god lagspelar, seier Mol.
Fleire Kaelo-medaljar?
U-15- og U-19-klassane er ferdigspelte. I tillegg til gullet til Kaelo, tok Eirik Åsmul bronsemedalje saman med makkeren Iver Andersland frå Stord i U-19-klassen. NM held fram med U-17 og U-21, og Kaelo er kanskje ikkje ferdig med medaljesankinga.
– Eg er med i U-17-klassen også, saman med Maria Åsmul, som eg tok gull med i NM i fjor. Ho var for gamal til å vera med i U-15-klassen i år. Difor måtte eg spela med Julia, seier Kaelo.
Strandvik har imponert i inneleiande spel i dag. Familien Mol er aktive både på sidelinja og i sanden.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Hendrik og eg skal hjelpa brørne våre, Markus og Adrian, og resten av Strandvik-gjengen. Dei har imponert heile gjengen. Det er så kjekt å sjå at dei gjer det så bra, seier Anders Mol.