Kjem til å lura: – Det vil garantert bli lagt merke til at vi bruker eit anna merke (enn resten av utøvarane). Folk kjem til å lura på kva dette her er.

– Northug skal samarbeida med Anders Mol og makkeren

– Han har heilt sikkert noko å fortelja oss om prestasjon under press, seier Anders Mol til BT.

BT skriv at Petter Northug har inngått avtale med Anders Mol og Christian Sørum om promotering av Northugs sportsbriller. Avisa skriv at den tidlegare langrennsstjerna «ønskjer seg stjerner i sin stall av sportsbrillebrukarar. Northug har vore med på å utvikla ein «rask brille» som han no får plassert på hovudet til dei to beste sandvolleyballspelarane i verda».

– Det betyr veldig mykje, og vi er veldig stolte av å ha dei med på laget, seier Northug til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vil garantert bli lagt merke til at vi bruker eit anna merke (enn resten av utøvarane). Folk kjem til å lura på kva dette her er. Då skal vi fortelja at det er ei norsk skistjerne som står bak. Litt kult, sier Christian Sørum.