Melina Berntsen Mol: Melina er femtemann i Mol-flokken og viser minst like mykje talent som resten av gjengen.

Ny Mol susar vidare i EM

I skrivande stund spelar Melina Berntsen Mol (16) kvartfinale i U18 EM i sandvolleyball.

Melina Berntsen Mol frå Strandvik og makker Julia Tennøy gjekk vidare frå åttandedelsfinalen, og er no i kvartfinalen i U18 EM i Hellas.

— Det er utruleg sterkt å ta seg vidare til ein kvartfinale i EM mot så sterke motstandarar, seier mor Merita Berntsen Mol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv sit ho framfor skjermen og fylgjer med på jentene spela kvartfinale mot Tsjekkia.

— Dei ligg litt under nett no, men dei spelar i alle fall veldig bra volleyball, seier ho.

Skulle det gå vegen, ventar semifinale i morgon, og eventuelt finale seinare søndag.