Alonso Sanchez (nr. 11) sette inn 2–0 ved eit smart frisparktrekk. Her blir han gratulert av lagkameratane.
Alonso Sanchez (nr. 11) sette inn 2–0 ved eit smart frisparktrekk. Her blir han gratulert av lagkameratane.

Ny siger til Lysekloster: – Dei første 35 minutta er klart årsbeste frå vår side

Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik er stornøgd over det laget hans presterte før kvilen mot Stord.

– Dei første 35 minutta er klart årsbeste frå vår side – i alle fasar av spelet. Det er veldig kjekt å sjå. Vi tok eit nytt steg i rett retning frå kampen førre helg. I dag var det mange som stod fram, seier Hetlevik etter 2–1 heime mot Stord.

– Er det nokre du vil trekkja fram i dag?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Heile gjengen er fantastiske, men det startar fremst med Eskild og Simen sitt press, som er ekstremt aggressivt, seier Hetlevik.

Flott heading gav leiinga

Heimelaget tok kommando frå start, og bortelaget fekk knapt låna ballen. Kvar gong dei fekk kjenna på kula, blei dei jaga rundt på eigen banehalvdel, og klarte ikkje finna ut av det høge, intense presset til Lysekloster. Ei avslutning frå Mbaye Toure, som Simen Næss var nære på å styra i mål, var første sjansen heimelaget skapte. Den kom etter vel sju minutt. Då klokka tikka mot eit kvarter spelt, fekk heimelaget hjørnespark. Alonso Sanchez slo ein god dødball frå venstre, og fann hovudet til stoppar Damian Garbacik, som sende ballen vidare bort i lengste hjørnet. Fem minutt seinare var Joachim Westrheim nære på, også det på corner. Han møtte ballen på første stolpe og flikka han vidare, men keeper fekk opp armane og slått til nytt hjørnespark.

– Gjekk litt tomme

Det blei skapt mykje i ope spel frå heimelaget også, men det var på dødball dei var giftigast. Munkane fekk frispark over 30 meter ut frå målet til bortelaget. Alle venta at Sanchez skulle leggja inn, men det gjorde han ikkje. Han skaut, rett i nærmaste hjørnet, noko keeper tydeleg ikkje forventa. 2–0 til heimelaget var eit faktum. Resultatet stod seg til pause. Etter kvilen fekk bortelaget, som hadde eit skot på mål i førsteomgang, låna kulen litt meir – men dei skapte ingen sjansar. Det gjorde heimelaget. Næss fekk sjansen åleine med keeper og både han og spisskollega Eskild Båsen var eit skonummer frå å kunna auka til 3–0. Men det blei jamnare i banespelet etter kvart.

Hadde sjansar. Simen Næss hadde nokre sjansar til å skåra torsdag, men i dette tilfellet blei han vinka av  for offside.
Hadde sjansar. Simen Næss hadde nokre sjansar til å skåra torsdag, men i dette tilfellet blei han vinka av for offside.
Damian Garbacik har vist seg som ein målfarleg midtstoppar. Torsdag gav han leiinga med eit flott hovudstøyt etter eit hjørnespark.
Damian Garbacik har vist seg som ein målfarleg midtstoppar. Torsdag gav han leiinga med eit flott hovudstøyt etter eit hjørnespark.
Eskild Båsen sprang og sprang, heilt til han blei byta ut etter vel 70 minutt.
Eskild Båsen sprang og sprang, heilt til han blei byta ut etter vel 70 minutt.
Erlend Skagestad skal ha hengt seg fast i kunstgraset og skada seg i eller kring kneet. Han blei frakta til legevakta rett etter kampen.
Erlend Skagestad skal ha hengt seg fast i kunstgraset og skada seg i eller kring kneet. Han blei frakta til legevakta rett etter kampen.

– Vi går litt tomme utover i kampen, i alle fall i det høge presset. Eg burde justert oss lågare litt tidlegare, men det fungerte så bra, at eg ikkje ønskte å endra noko, seier Hetlevik.

Rett til legevakta

Etter kampen ser han at laget nok kunne ha vore tent med at han justerte 5–10 minutt tidlegare, og stengd rom for bortelaget.

– Eg meiner at vi forsvarte oss godt dei siste 15–20 minutta likevel. Det var ein profesjonell avslutning på kampen frå vår del, seier Hetlevik.

Stord reduserte nemleg etter vel 73 minutt spelt, og skapte spenning mot slutten. Men dei klarte ikkje skapa ein sjanse til å utlikna det siste kvarteret. Det som tok mest fokus mot slutten av kampen, var skaden til Erlend Skagestad. Det blei lagt til åtte minutt. Fleire av desse fordi Skagestad måtte ut med det som såg ut til å vera ein stygg skade.

– Vi er på legevakta no og ventar på å koma til. Han hang fast i kunstgraset og har skada seg i eller kring kneet. Han seier sjølv at han høyrde eit smell og følte at han rauk muskelen. Vi får sjå kva som er gale, seier Hetlevik.