I tillegg til å skåra fire mål, hadde Mats Cato Moldskred nokre målgjevande. Spissen var involvert i brorparten av måla i timålssigeren.
I tillegg til å skåra fire mål, hadde Mats Cato Moldskred nokre målgjevande. Spissen var involvert i brorparten av måla i timålssigeren.

Os slo Valdres med ti mål, men dagens osing var ikkje nøgd med slik laget stod fram

Det gjekk som det så ut til då Valdres stilte med ni mann mot Os laurdag ettermiddag.

Valdres står med tre poeng denne sesongen, og har slite med å stilla fullt lag i fleire kampar. Det har ført til at dei har gått på fleire stygge tap, mellom anna mot Lysekloster, som ikkje gav seg før det stod19–0 på måltavla. Til pause såg det ut til å gå mot eit liknande resultat mellom Os og Valdres på Kuventræ laurdag. Det stod nemleg 8–0 etter 45 minutt, men heimelaget skåra berre to etter kvilen. Mats Cato Moldskred, som skåra fire mål – alle før pause, blei kåra til dagens osing. Han var ikkje heilt «happy» etter at kampen var over.

– Er du nøgd med slik laget stod fram i dag?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, eg er ikkje det. Det er kanskje rart for nokon at eg seier det, etter at vi har vunne 10-0, men dei spelte med to mann mindre heile kampen. Vi skåra to mål etter pause. Det er ikkje godt nok, seier Moldskred.

Glad for å vera ferdig med Valdres-kampen

Os-spelaren seier at det ikkje alltid er lett å spela mot lag som er færre spelarar. Særleg om dei spelar slik Valdres gjorde i dag.

– Dei låg lågt og kjempa med nebb og klør. Siste halvdel av førsteomgang gjorde vi det vi burde har gjort heile kampen. Vi fekk opp tempo, og spelte dei ut. I resten av kampen var tempo for lågt. Vi trudde at dei kom til å bli slitne etter kvart, men då vi ikkje klarte å halda oppe tempo, verka det som at dei ikkje blei trøytte. Vi burde også ha våga meir, prøvd å gå av ein spelar – og ikkje trilla ballen på tvers. Vi har slite med å skapa sjansar mot etablert forsvar i år og trong øva på det, men dette var ikkje godt nok. Difor er eg litt skuffa, men sjølvsagt glad for at vi vinn. Det er det viktigaste. Og det er godt å vera ferdig med Valdres-kampen, seier Moldskred.

Kaptein Marius Mikkelsen styrte laget frå midtbanen, og fekk sjå mykje til ballen i kampen mot Valdres.
Kaptein Marius Mikkelsen styrte laget frå midtbanen, og fekk sjå mykje til ballen i kampen mot Valdres.
Det tok 20 minutt før Os kunne jubla for mål. Mats Cato Moldskred skåra etter fint forarbeid av Frode Storebø på venstresida til Os.
Det tok 20 minutt før Os kunne jubla for mål. Mats Cato Moldskred skåra etter fint forarbeid av Frode Storebø på venstresida til Os.
Jonas Fagerbakke Hovland har slite med skader denne sesongen, og var uheldig nok ein gong, Han måtte bytast ut rett før pause.
Jonas Fagerbakke Hovland har slite med skader denne sesongen, og var uheldig nok ein gong, Han måtte bytast ut rett før pause.

To sigrar på rad på heimebane

Vidare fortel Moldskred at heile Valdres-situasjonen blir feil. Han seier at det ikkje er kjekt å møta til kamp og vita at ein skal spela mot eit lag som ikkje klarer å stilla lag.

– All ære til dei spelarane som er ut på banen og gir det dei kan. Men det er frustrerande at vi har eit slikt lag i avdelinga. Dette skal vera toppfotball. Det blir for dumt slik dei held på. Det er godt at vi er ferdige med denne kampen. Slik trur eg mange andre lag tenkjer også.

Os trong 20 minutt før dei fekk ballen forbi Valdres sin keeper. Etter flott forarbeid frå Frode Storebø, kunne Mats Cato Moldskred enkelt sette ballen i mål. Der frå og inn til pause kom det sju mål til. Mellom anna to langskot frå midtstoppar Jonas Fagerbakke Hovland – som diverre måtte gå av banen før pause med skade. Moldskred skåra tre mål til før kvilen, Alexander Dale skåra med hovudet og Stian Dyngeland skåra sitt første mål for Os. Etter kvilen skåra Torgeir Lunde med hovudet. Det gjorde også Roger Ekeland. Os har med det vunne to heimekampar på rad. Neste kamp for Os på Kuventræ er 21. september mot Bergen Nord.