Brit Tungeland: Bortimot 100 spelarar, familiemedlemer, mediefolk, trenarar og støttespelarar møtte fram for å vera med då NRK serverte gladmeldinga til Brit måndag ettermiddag.

Overrumpla på trening: Brit Tungeland skal til Idrettsgallaen

Ho vart totalt overrumpla då eit koppel av NRK-folk og ein bråte handballspelarar med flagg, overraska ho på trening i Oshallen måndag. Brit Tungeland er blant fem finalistar til den svært gjæve Årets eldsjel-pris på Idrettsgallaen.

Totalt 17 eldsjeler vart tidlegare nominert som kandidatar til Årets eldsjelpris under NRKs sportsgalla i Vikingskipet. No er dei 17 redusert til fem finalistar. Os Turns Brit Eirin Tungeland er blant desse.

Brit Tungeland har levd og anda for idrettslivet i Os sidan ho var svært ung. I løpet av ein lang spelar- og trenarkarriere, har ho fått med seg å spela handball på øvste nivå, bli krinsmeister i fotball, og å starta og trena det første HU-laget til Os i ei årrekke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brit Tungeland: Paralympicar Aida Dalen var ho som stod framfor kamera for NRK. Her gjer dei opptak i gamlehallen før overraskinga.

Mållaus hovudperson

Brit Tungeland har gjort ein formidabel innsats for Os Turn opp gjennom åra. Engasjementet og innsatsen hennar blir no lagt merke til, også utover kommunegrensa. Det fekk hovudpersonen prov på då ho vart overraska på trening måndag ettermiddag.

Les også
Brit Tungeland er nominert til Årets eldsjel på idrettsgallaen

For i det ho skulle til å starta trening med gutelaget ho no har ansvaret, vart 72-åringen avbroten av NRKs TV-team, som fullstendig tok regien på måndagens økt.

– Kvifor er det så mange som kjem her, og kvifor filmar dei deg, Brit? Lydde spørsmålet frå sjuåringane ho trena.

– Tja, sei det. Nei, eg er nominert til ein slik pris fordi eg har jobba med handball i så mange år, lydde kommentaren til Brit.

Elles var Brit Tungeland nærast mållaus og kanskje ikkje så reint lite rørt.

Brit Tungeland: Ordførar Trine Linborg har sjølv blitt trena av Brit. Her er ho foreviga i lag med fleire frå HU-laget.

Skal mobilisera

Til stades var også fleire av familiemedlemene til Tungeland. Dei gjer seg nok klare for ei skikkeleg mobilisering fram mot avgjerda som fell på Idrettsgallaen laurdag 4. januar.

Sonen Kjetil Lund fortalde at det hadde vore vanskeleg å halda dette hemmeleg, men at det no skulle mobiliserast.

Les også
Var med på opprykket til 1. divisjon. Men det er andre ting Brit Tungeland set vel så høgt

– No må folk vera med. Frå 14. desember er det berre å byrja å stemma. Ho fortener det, sa Lund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein annan som verkeleg meinte at Brit fortener rosen og heideren, er komande ordførar Trine Lindborg.

– Ho var min første trenar, og eg har også spelt på lag med ho. Alt eg har lært om lagbygging og inkludering kjem frå Brit, skrytte Lindborg.