Gjengen som er på plass i Greenville: Bak frå venstre - Thomas J. B. Salbu, Marina Rybalko, Mateusz Pedzik, Svein Erik Henne, Kim R. Hanøy og Cato Bruarøy. Frå venstre framme - Carmen Bruarøy og Elene Olsen Lekven.

På langtur for å henta medaljar

Denne helga er sju utøvarar frå Os Karateklubb i aksjon i WIKF Global Cup 2024 i USA.

Karatestemnet som utelukkande er for utøvarar av Wado-karate, går av stabelen i Greenville i North Carolina. I tillegg til deltakarar frå Noreg stiller utøvarar frå Belgia, Danmark, Sverige, England, Canada, USA, Chile.

I Global Cupen vert det konkurrert i kumite som er sportskarate-kamp, i kata og i knivforsvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os sine sju deltakarar er: Thomas J. B. Salbu, Marina Rybalko, Mateusz Pedzik, Svein Erik Henne, Kim R. Hanøy, Carmen Bruarøy, og Elene Olsen Lekven.

Coach for gjengen er Cato Bruarøy.