To mål: Roger Blokhus Ekeland fortel at han skal skåra fleire mål i år enn dei 15 han noterte seg for i debutsesongen for Os i 2019.

Roger skal skåra mange fleire mål i år

Roger Blokhus Ekeland noterte seg for to skåringar i årets første treningskamp.

Os er i gang med treningskampane for i år. Dei fekk tøff motstand, mot Åsane i Vestlandshallen søndag.

Til pause stod det 3–1 til Åsane, som etter å ha rykka opp i fjor, skal spela i OBOS-ligaen i år. Os skal ifølgje rapportane ha klart seg bra spelemessig før kvilen. Etter pause skal dei oransje ha vore det klart beste laget, noko Roger Ekeland stadfestar i intervjuet med Trond Gausemel etter kampslutt. Kampen enda 6–2 til Åsane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var Ekeland som stod for begge måla til Os. Spissen som kom frå Sandnes-Ulf før sesongen i fjor, netta 15 gonger på 23 kampar i løpet av sin første sesong på Kuventræ. I år har han som mål å auka det talet.

– Det blir ein spanande sesong. Eg har som mål å skåra mange fleire mål i år. Eg kjenner at grunnlaget er betre, og trur at det blir ein bra sesong, seier Ekeland til Trond Gausemel etter kampen.

Vidare fortel Ekeland at Os trenar tyngre denne vinteren.

– Vi såg i fjor at vi treng eit betre grunnlag. Ein kunne sjå i andreomgang i dag at folk var slitne. Vi skal skina i april, seier Ekeland.

Om 2-6-tapet for Åsane, seier spissen at dei spelte mot eit godt fotballag.

– Førsteomgangen var ok, men i andreomgang ser ein store skilnader. Vi fell saman som eit peparkakehus. Då kunne ein sjå at dei er to divisjonar opp. Dei var gode og vi var sløve etter kvilen, seier Ekeland.