Tapte: Anders Mol og Christian Sørum gjekk på eit tap mot den russiske duoen Semenov/Lesjukov i den siste kampen i gruppespelet.

Russarane vart for sterke

I den siste kampen i gruppespelet i OL vart det diverre tap for sandvolleyballduoen Anders Mol og Christian Sørum.

Anders Mol og Christian Sørum tapte begge setta 19–21. Dermed vart russarane Konstantin Semenov og Ilja Lesjukov nummer éin i gruppe A med tre sigrar, Noreg nummer to.

Begge laga er uansett klar for åttandedelsfinale seinare i veka, men ifølgje VG vil nordmennene med tap i dagens kamp møta ein «antatt jamnbyrdig motstandar». Med siger ville dei ha møtt «ein antatt svakare motstandar».

Artikkelen held fram under annonsen.

Mol og Sørum fekk ein god start på kampen, men russarane henta raskt inn igjen leiinga.

Kven duoen møter i åttandedelsfinalen er førebels ikkje klart.