Så var Norway Cup-eventyret over for denne gong

TV-kamp: Kvartfinalen vart sendt på Direktesport, med intervju i pausen.

Møtte overmakta i kvartfinalen.

Nore Neset/Os J17 2 møtte Amasone i kvartfinalen i Norway Cup fredag føremiddag.

Det enda med 3-0 tap, og dermed er cup-eventyret over for denne gong. Men uansett beit laget godt frå seg også i kvartfinalen. Mot eit sterkt Amasone-lag hevda Nore Neset seg bra, og matcha dei på innsatsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nore Neset skal vera svært stolte over innsatsen i Norway Cup. Å koma så langt i ei så stor turnering, er ein kjempeprestasjon, oppsummerte kommentatoren på Direktesport like etter kampslutt.

Me kjem med meir frå kampen.

PS: Klokka 14.15 spelar Os G19 kvartfinale mot nigeriansk motstand.

Les også
– Kan knapt tru det er sant!
Les også
Begge Nore Neset/Os J17 sine lag gjekk vidare til 8-delsfinalen