Mats Cato Moldskred stod for kampens einaste skåring.
Mats Cato Moldskred stod for kampens einaste skåring. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Sesongens første heimesiger: – Det var på høg tid

Os-trenar Endre Brenne er svært godt nøgd med gjennomføringa av kampen mot Brann 2. Han er også glad for at så mange fann vegen til Kuventræ, trass den elendige heimestatistikken til Os i år.

– Det var vel 400 menneske på tribunen i dag. Med så mange tap som vi har hatt på heimebane, er ikkje det sjølvsagt at så mange tek turen. Utruleg kjekt å sjå, seier Os-trenaren.

Vann sjansestatistikken klart

Brann 2 er det første laget som har reist frå Kuventræ denne sesongen utan poeng, og Brenne er klar på at heimelaget fortente alle poenga.

– Gutane følgde kamplanen heile vegen. Vi varierer mellom å pressa høgt og liggja bakpå. Dei spelar oss også lågt til tider, men dei klarer ikkje å skapa store målsjansar. Vi vann sjansestatistikken klart, seier Brenne.

Bomma åleine med keeper

Os opna med å pressa høgt, og fekk løn for det fleire gonger. Christian Eggen Rismark i Brann-forsvaret gjorde fleire upressa feil, som gav heimelaget gode sjansar. Det var også slik skåringa kom. Ballen blei spelt rett til Roger Ekeland som brysta ballen til Mats Cato Moldskred. Os-spissen la ballen over på venstrefoten og klemte til frå rett utanfor 16-meteren. Brann-keeperen fekk ein hand på ballen, men klarte ikkje å hindra skåring. Ti minutt seinare, etter vel 25 minutt spelt, skjer noko liknande, men då er det Espen Haraldseid som blir spelt fri og kjem åleine med keeper. Diverre for han og Os rulla ballen rett utanfor stolpen.

Brann 2 hadde mykje ball, men kom ikkje til dei heilt store sjansane før kvilen.

Espen Haraldseid fekk ein stor sjanse til å auka leiinga midt i første omgang, men han skaut utanfor åleine med keeper.
Espen Haraldseid fekk ein stor sjanse til å auka leiinga midt i første omgang, men han skaut utanfor åleine med keeper.
Brann-keeperen fekk mykje å gjera på måndag kveld på Kuventræ.
Brann-keeperen fekk mykje å gjera på måndag kveld på Kuventræ.
Rune Mo var nære på å skåra i andreomgang, men keeper redda.
Rune Mo var nære på å skåra i andreomgang, men keeper redda.
Andreas Støle-Hansen er ein av tre nye Os-spelarar sidan i vår. Dei tre får alle skryt av Os-trenar Endre Brenne.
Andreas Støle-Hansen er ein av tre nye Os-spelarar sidan i vår. Dei tre får alle skryt av Os-trenar Endre Brenne.

Gjekk ut i hundre

Os gjekk ut i hundre etter kvilen og skapte tre sjansar før det hadde gått fem minutt, men verken Roger Ekeland eller Mats Cato Moldskred klarte å auka leiinga. Heimelaget skapte fleire sjansar etter kvart, men ballen gjekk anten utanfor eller på Brann-keeperen. Bortelaget prøvde febrilsk mot slutten av kampen, og hadde mykje ball på Os si halvdel. Men Chris Sunde Midtun i Os-målet måtte aldri gjera ei kvalifisert redning. Os har med sigeren i dag seks poeng ned til Vestfossen under streken. Tre spelarar har kome inn i laget sidan i vår. Espen Haraldseid og Andreas Støle-Hansen har alt debutert og spelte frå start i dag. Stian Dyngeland fekk sine første Os-minutt på Kuventræ måndag kveld.

– Alle tre har kome fint inn i gruppa og leverte ein god kamp i dag, seier Brenne.