Full rulle: I romjula blir det samling av mange barn i Fjorden Arena. Der skal dei få ta del i mange ulike aktivitetar, fortel Lene Nilsen.

Skaper aktivitet for born i romjula: — Det er eit prøveprosjekt

Turngruppa står bak, men aking kan fort bli del av dagen.

— Nei, nei, det blir ikkje berre turn. Vi skal ha mange ulike aktivitetar. Det blir noko for alle. Kanskje blir det aking også, om det er forhold til det, seier Lene Nilsen, i turngruppa i Eikelandsfjorden Idrettslag.

Tysdag i romjula arrangerer idrettslaget, ved turngruppa, “Romjulsgøy” i Fjorden Arena. Det er i skrivande stund 18 barn som er meldt på.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi har nok plass til alle som ønskjer å vera med. Det er nokre born frå Os-sida som skal vera med. Dei skal feira jul her og vi blei spurd om dei kunne få vera med. Sjølvsagt kan dei det, seier Nilsen.

Dagen er for born som går på barneskulen. Alle som vil ta del uavhengig av medlemskap i idrettslaget, kan få vera med. Det er også oppretta friplassar.

– Vi krev ikkje dokumentasjon. Det er nok å berre ta kontakt og spørja om plass, om ein har det trongt økonomisk, seier Nilsen.

Vidare fortel Nilsen at Eikelandsfjorden Sanitetsforening har sponsa frukt og mat til dagen.

— Vi trur dette blir veldig kjekt. Både for borna, som får ut litt energi, og for foreldre. Det er eit prøveprosjekt. Kan henda vi arrangerer fleire dagar som denne, til dømes til sommaren eller hausten neste år.