Anders Havsgård og Torgeir Lunde var tydeleg skuffa etter kampslutt.
Anders Havsgård og Torgeir Lunde var tydeleg skuffa etter kampslutt.

Skuffa heime mot Fjøra: – Det var ikkje mykje som fungerte

Os har nokre imponerande bortesigrar denne sesongen, men poengfangsten på heimebane har ikkje vore noko å skryta av.

– Det er vanskeleg å seia kvifor prestasjonane har variert så stort i år. Det er noko vi må finna ut av, seier Sander Fagerbakke Kvittingen.

Spissen fekk fornya tillit på topp, etter at han blei tomålsskårar og senka Fyllingsdalen på bortebane sist. Han fortel at spelarane sat att med ei kjensle av at dei fort kunne ha vunne kampen mot Fjøra laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kunne fort ha bikka andre vegen om vi berre hadde fått det første målet.

Kjempesjanse til Kvamsdal

Os var farleg frampå ved eit par høve tidleg i kampen, men det var bortelaget som var mest effektive. Etter 15 minutt spelt, fekk dei frispark på venstresida. Eit presist innlegg trefte hovudet til Fjøra-spelar Morten Knutsen, som sytte for jubel blant dei tilreisande på tribunen. Det blei skapt sjansar begge vegar. Nærmast i førsteomgang kom Steffen Kvamsdal. Innlegget frå Andreas Støle-Hansen fann Torgeir Lunde på bakre stolpe. Han hedda på tvers til Kvamsdal, som frå kring fem meter trefte rett på keeper.

– Vi må opp nokre hakk

I pausen var det utdeling av Kurt Monsens minnefond. Davy Wathne stod for overrekkinga. Nora Blindheim Nøss og Albert Haugland Kristiansen fekk begge 2.500 kroner kvar. Dette var i grunn det heimepublikummet fekk å jubla for laurdag ettermiddag. Os-trenar Endre Brenne måtte sjå bortelaget kontra inn 0–2 etter 54 minutt. Han svara ved å sende innpå ein småsjuk Mats Cato Moldskred og Roger Blokhus Ekeland, og gjorde om på formasjonen slik at heimelaget spelte med fire spissar. Likevel klarte dei ikkje å skapa mange store sjansar. Det blei med nokre avslutningar frå distanse og eit par gode forsøk etter innlegg. Kring eit kvarter før slutt gjekk bortelaget opp i 0–3. Nok ein gong på kontring. Fagerbakke Kvittingen seier at det var lite som fungerte for dei i denne kampen.

Lunde hadde eit farleg skotforsøk i andreomgang, men ballen gjekk til side for mål.
Lunde hadde eit farleg skotforsøk i andreomgang, men ballen gjekk til side for mål.
Utdeling. Nora Blindheim Nøss (t.h.) fekk 2.500 kroner frå Kurt Monsens minnefond. Det gjorde også Albert Haugland Kristiansen. Han var ikkje til stades, så søstera Tiril tok i mot sjekken på vegne av han.

Mats Cato Moldskred sleit med sjukdom laurdag. Kom likevel innpå og fekk ein halvtime.
Mats Cato Moldskred sleit med sjukdom laurdag. Kom likevel innpå og fekk ein halvtime.
Bortelaget ville ha Os-kaptein Mikkelsen utvist i førsteomgang. Han fekk berre gult kort.
Bortelaget ville ha Os-kaptein Mikkelsen utvist i førsteomgang. Han fekk berre gult kort.

– Det gjekk for sakte med ball. Det var lite bevegelse. Dei låg lågt og vi fann ikkje rom. Vi gjorde ikkje jobben vår hundre prosent. Det er krevjande å spela mot eit lag som ligg og kjempar nærme 16-meteren sin. No må vi berre sjå mot neste kamp, heva oss nokre hakk og by meir på oss sjølve, seier han.