Imponerte: Osingen møtte Patrick Roest i siste par på 1500 i ettermiddag. Kommentatorane let seg imponera av Lunde Pedersen som gjorde eitt av sine beste løp for sesongen, og klokka inn på 1.45.02.

Slik ligg det an før den avgjerande 10.000-meteren: – All honnør til Sverre

Sverre Lunde Pedersen gjorde ein av sine beste 1500-meterar for sesongen under VM i Vikingskipet.

Osingen møtte Patrick Roest i siste par på 1500. Kommentatorane let seg imponera av Lunde Pedersen som gjorde eitt av sine beste løp for sesongen, og klokka inn på 1.45.02.

Det var likevel ingenting å gjera med nederlenderen Roest, som er i kanonform. Han vann distansen 0,61 sekund foran osingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han var rett og slett for god, vedgjekk Lunde Pedersen i intervjuet med Viasat etter løpet:

– No er det å få i seg litt næring, setja seg på sykkelen og gjera seg klar, la han til.

Lunde Pedersen er nummer to i samandraget når eitt løp står att, og osingen må ta igjen 11,17 sekund på Roest for å bli verdsmeister.

10.000-meteren startar kl 15.33.