SPELARBØRSEN: Storspel i 25 minutt var nok til storsiger

Os var gode dei siste 25 minutta av førsteomgang. Elles var det ein svak kamp av heimelaget.

Keeper: Kasper Færøvik – 6

Fekk eitt skot på seg – og det kom etter 81 minutt. Elles arbeidsledig.

Høgreback: Espen Haraldseid – 6

Fekk mykje rom på høgresida, og kom til mange innlegg. Avleveringane var av varierande kvalitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Midtstoppar: Alexander Dale – 6

Lite å gjera på defensivt. Tok eit løp fram i boksen i førsteomgang og skåra. Byta ut etter 60 minutt.

Midtstoppar: Jonas Hovland – 7

Gjorde ting enkelt. To flotte skåringar på langskot før han måtte av banen med skade rett før pause.

Venstreback: Andreas Støle-Hansen – 6

Som Haraldseid, kom Støle Hansen til mange innlegg, men også hans avleveringar var av varierande kvalitet i denne kampen.

Høgre indreløpar: Steffen Kvamsdal – 6

Motoren til Kvamsdal er hans fremste våpen – ikkje å opna eit kompakt forsvar. Kom ikkje heilt til sin rett i dag. Byta ut til pause.

Sentral midtbane: Marius Mikkelsen – 6

Langt frå Mikkelsen sin beste kamp i Os-drakta. Hadde nokre boksopnar-pasningar, men slurva – som mange av lagkameratane – med pasningane i dag.

Venstre indreløpar: Frode Storebø – 6

Stod bak 1-0-skåringa. Gjorde ein grei omgang på midtbanen. Byta ut i pausen.

Høgrekant: Stian Dyngeland – 6

Fekk sin første skåring som Os-spelar. Hadde eit par halvfarlege forsøkt utanom. Kunne kanskje ha utfordra meir på høgresida for å skapa ubalanse. Byta ut i pausen.

Spiss: Mats Cato Moldskred – 10

Skåra fire mål. Stod bak fleire andre. Gode dødballar, som sytte for eit par mål. Enorm i Os sin beste periode. Ikkje så stor etter kvilen, men utruleg viktig for Os totalt sett i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Venstrekant: Roger Ekeland – 7

Bomma på mange forsøk, og hadde ei avslutning i tverrliggjar. Det såg ut til å vera den dagen for Ekeland i dag – heilt til han skåra nokre minutt før slutt.

Innbytarar:

Torgeir Lunde – 6 (inn for Hovland 41.min)

Gjorde ting enkelt bakover hadde grei kontroll under press. Fekk seg ei skåring.

Sander Kvittingen – 5 (inn for Dyngeland 45 min)

Kunne ha utfordra meir, men valte det sikre ofte. Nære på skåring ved eit par høve.

Kristoffer Røttingen – 5 (inn for Storebø 45 min)

Ville mykje, men skapte lite.

Henrik Sperrevik – 5 (inn for Kvamsdal 45 min)

Opna bra i andreomgang, og kom seg til innlegg. Nære på skåring også han. Forsvann etter kvart.

Anders Havsgård – 5 (inn for Dale 60 min)

Ikkje særleg involvert etter innhoppet. Hadde eit godt skotforsøk som gjekk til side for mål.