Roger Ekeland kunne ha blitt den store helten, men som ein kan sjå av ansiktet, blei det bom.
Roger Ekeland kunne ha blitt den store helten, men som ein kan sjå av ansiktet, blei det bom.

Står framleis utan siger på heimebane

Os såg ut til å vinna komfortabelt mot Fyllingsdalen då klokka tikka mot pause, men så gav heimelaget bort initiativet.

Oppgjeret mellom Os og Fyllingsdalen på Kuventræ opna intenst, utan at det blei skapt dei heilt store sjansane. Marius Mikkelsen fekk den første sjansen etter fint spel frå heimelaget. Mats Cato Moldskred fann kapteinen kring 16 meteren, som avslutta rett over tverrliggjar. Då var det spelt eit kvarter. Os førte kampen då Rafael Villen Villen fann Roger Ekeland med ein flott gjennombrotspasning. Spissen var først på ballen, før han blei felt av keeperen til Fyllingsdalen. Dommaren peika på straffemerket. Ekeland var sikker frå kritmerket og skåra Os sitt første mål på Kuventræ i år. Fem minutt seinare, etter 38 minutt spelt, rulla heimelaget opp nok eit angrep. Steffen Kvamsdal fekk ballen i fint driv, og blei takla rett utanfor 16-meteren til bortelaget. Frispark til Os. Moldskred stilte seg opp, og banka ballen ned i hjørnet.

– Det straffar seg å sleppa seg nedpå

Os hadde for alvor fått opp dampen, og kunne fort ha auka leiinga då dei hadde eit par store sjansar rett etter 2-0-skåringa. I staden var det bortelaget som skulle redusera. Os-laget følgde ikkje med i ein augneblink, og det var nok. Ein lang gjennombrotspasning blei spelt på Erik Huseklepp, som kom på blindsida til Anders Havsgård på høgrebacken. Huseklepp tok med seg ballen og rulla han til side for Chris Sunde Midtun. Reduseringa kom eit par minutt før pause.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når vi spelar mot så gode fotballspelarar, så kan vi ikkje skru av. Vi gjer utruleg mykje bra i kampen, men vi ser at det straffar seg å sleppa seg litt nedpå, seier Mikkelsen og held fram:

– Vi hadde eit klart initiativ i kampen før kvilen, men etter pause går vi ein periode litt bort frå det som fungerte så bra i førsteomgang.

Bortelaget snudde kampen

Fabian Bødtker fekk ein stor sjanse tidleg i førsteomgang, men han fekk ikkje utteljing. Sjølv om ikkje Fyllingsdalen skapte flust av målsjansar, låg det litt i lufta at dei skulle skåra, og det gjorde dei. Etter vel ein time spelt kom bortelaget på ein overgang. Os-stoppar Carlos Mendes var med i angrep og lét etter seg seg eit enormt rom. Det utnytta bortelaget, då Ivar Mykkeltvedt utlikna. Os kom meir til hektene etter Fyllingsdalen si skåring. Mikkelsen sat ballen i mål etter flott Os-spel, men linjemannen var oppe med flagget, noko Os-leiren forstod lite av. I staden for at heimelaget tok leiinga,  skulle dei få nok ein skåring mot seg. Det blei rota etter ein dødball, og Henrik Nyland kunne tuppa inn 3–2 til bortelaget.

Eitt minutt etter at Os hamna under 3-2, utlikna Mats Cato Moldskred.
Eitt minutt etter at Os hamna under 3-2, utlikna Mats Cato Moldskred.
Keeper og Moldskred i diskusjon.
Keeper og Moldskred i diskusjon.
Erik Huseklepp viste seg stundom fram, men her kom han til kort mot Os-stoppar Jonas Fagerbakke Hovland.
Erik Huseklepp viste seg stundom fram, men her kom han til kort mot Os-stoppar Jonas Fagerbakke Hovland.

Første heimepoenget

Fyllingsdalen hadde snudd kampen. Heimelaget hadde stor grunn til å vera skuffa, men det trong dei ikkje vera lenge. Moldskred var iskald då han fekk ballen bakarst i feltet og rulla ballen mellom beina på keeper. Begge lag såg ut til å gå for tre poeng med ti minutt att å spela. Heimelaget skapte sjansane. Ekeland fekk ein stor sjanse då det stod att tre minutt, men heller ikkje denne gongen ville det seg. Same mann avslutta over etter at klokka hadde bikka 90 minutt. Os står framleis utan tre poeng på heimebane i år.

– Eg er skuffa om ein ser kampen under eitt. Vi har mange store sjansar og skapar meir enn dei. Samstundes er det ikkje verst med eitt poeng med tanke på at dei snudde kampen i andreomgang, seier Mikkelsen.