Medalje trass i feilskjær: Håvard Holmefjord Lorentzen fekk eit skikkeleg feilskjær på lagsprinten, men klarte likevel å trekkja laget sitt til bronse i enkeldtistanse-VM i Salt Lake City torsdag.

VM er i gang: Stong inn for Håvard, stong ut for Sverre

Torsdag starta enkeltdistanse-VM i Salt Lake City. Håvard Holmefjord Lorentzen opna med bronse. Sverre Lunde Pedersen enda på fjerdeplass.

Dit fekk ein trøblete start på sesongen, dei to kompisane frå Fana IL. Ingen av gutane har funne den heilt store forma, men innsatsen i Salt Lake City torsdag, ber preg av stor framgang.

Håvard gjekk lagsprint i lag med Odin By Farstad og Bjørn Magnussen og enda til slutt med bronse. For det norske laget var det faktisk ei god stong-in-oppleving.

Håvard hadde nemleg eit fatalt feilskjær som kosta dei minst eitt sekund. Dermed enda dei først på fjerdeplass. Men medan dei vart intervjua av TV4, spratt det norske laget ein plass opp på resultat-tavla, ettersom Canada vart diska.

Fem sekund bak pallen

For Sverre Lunde Pedersen var det absolutt betring etter sist helgs V-cup-innsats. På 5.000 m starta han bra og heldt bra fart, men frå 3.000 m og ut, gjekk det tråare og tråare.

Osingen gjekk i mål på tida 6:11.80, ei tid som viser at han er på veg mot betre form, men i det tøffe selskapet i Salt Lake City, var han likevel fem sekund frå å nå pallen. Canadiske Ted-Jan Bloemen vann med tida 6,04,37.

Laurdag går Sverre lagtempo, medan Håvard går favorittdistansen 1.000 m.