Uventa: – Å bli kåra til årets idrettsutøvar set eg utruleg høgt. Det var heilt uventa, sa Sverre Lunde Pedersen.

Sverre Lunde Pedersen er kåra til årets idrettsutøvar

Sverre Lunde Pedersen er kåra til «Årets utøvar» av Bergen kommune.

Utdelinga fann stad torsdag, der Lunde Pedersen mottok ein sjekk på 50.000 kroner.

Til saman overrekte ordførar Linn Kristin Engø og byråd for barnehage, skule og idrett, Linn Katrin Pilskog, 740.000 kroner til idrettsbergen på Grand Hotel Terminus torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet med ordninga er å løfta frem Bergens fremste toppidrettsutøvarar, unge talentfulle utøvarar, idrettslag og trenarar, leiarar og dommarar.

Sverre Lunde Pedersen vart årets utøvar etter å ha teke OL-gull på lagtempoen i Beijing og EM-sølv i same øving i Heerenveen.

– Sverre Lunde Pedersen har sidan han kom inn på landslaget alltid vore ei leiestjerne. Han har bana veg og gått føre som eit godt eksempel for dei andre utøvarane på landslaget. Han set standarden. Han har vore klar i målet om eit nytt OL-gull, og har heller ikkje vore redd for å seia det høgt. Samstundes har han forstått konsekvensane av målet sitt og har kvar dag gjort jobben som krevst for å nå det, skriv kommunen på sine heimesider i samband med utdelinga.