Talent: Nora Nøss er blant jentene på skyggelandslaget som skal på samling i Porsgrunn i august.

Tatt ut til talentleir i august

Nora Blindheim Nøss er blant talenta som skal på leir i august.

Førre veke bei det klart at Equinor Talentleir Porsgrunn er flytta frå juni til august, og no er troppane til talentleiren klare.

- Desse spelarane er tekne ut fordi vi enkelt og greit ser dei som Noregs største talent i sin årsklasse. Dette er morgondagens heltar, og dei har mykje å leva opp til. Dei aldersbestemte landslaga våre har verkeleg markert seg i Europa dei siste åra. Og vi har toneangivande spelarar på A-landslaga våre som berre for nokre år sidan var på talentleir i Porsgrunn, seier ansvarleg for Landslagsskolen i NFF, Håkon Grøttland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samlinga i år vil bli arrangert i henhold til smittevernomsyn og gjeldande retningsliner, og som følgje av dette, er ikkje alle detaljar kring samlinga og programmet klare.

- Men det som er sikkert, er at vi skal samlast. Vi skal ha nokre dagar i Porsgrunn som forhåpentlegvis vil vera både utviklande og inspirerande. Det fortener spelarane. Det har vore ei tøff tid for alle, også for alle dei som ikkje har fått gjort det dei liker aller best - spela fotball. Eg vonar difor at uttaket til denne samlinga gjev spelarane ein ekstra «boost» slik at dei går inn i sommarferien og trenar så godt dei kan, og eg gler meg meir enn noko sinne til ein talentleir, sier Grøttland.