annonse

Teken ut til landsdelssamling

: Ole Martin "Ollis" Kolskogen er teken ut i ein såkalla bruttotropp til landsdelslaget, og skal på samling i Trondheim. Her frå A-lagsdebuten i vinter.

I vinter fekk Ole Martin (Ollis) Kolskogen A-lags-debuten sin for Os. No aspirerer han til plass på landsdelslaget for G15.

Jostein Halland

Den talentfulle osingen har vore fast på kretslaget i snart eitt år. I helga imponerte han stort i ei kretslagsturnering, der han spelte på G16-nivå. Her var landslagsleiinga for dette årstrinnet til stades, og ungguten fekk svært gode tilbakemeldingar. Uttaket er også basert på dei vekentlege samlingane som G15-kretslaget har i Vestlandshallen.

No er han teken ut i ein såkalla bruttotropp til landsdelslaget, og skal på samling i Trondheim. Berre fire spelarar er tekne ut frå Hordaland.

Faren Kjell Kolskogen fortel at uttaket både er kjekt og til stor inspirasjon til å jobba hardt vidare.

- Fyrst og fremst er dette til inspirasjon for Ole Martin. Men også for oss rundt, både klubben og andre. Det er vanskeleg å nå langt åleine, poengterer Kjell, som fortel at Ole Martin har jobba hardt og godt over ein lengre periode.

Han konstaterer samstundes at nålauget for suksess når ein vert eldre, er trongt, og at det skal mykje hardt arbeid til for å nå langt som senior.

Os Turn er sjølvsagt også svært glad for uttaket.

- Det er stort for klubben å få spelarar på landsdelslaget, kommenterer assistenttrenar for A-laget, Ørjan Håland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut