Sentrale innbytarar: Både Henrik Sperrevik og Christian Dahl kom inn frå benken og skåra for bortelaget. Her har Dahl nett skåra 4—4 på overtid.

Ti minutt før såg Os ut til å ha sikra seg tre poeng, men Lysekloster hadde ikkje gjeve opp

Bortelaget kunne fort også ha sikra seg tre poeng med siste spark på ballen.

Det var godt inn i overtida. Lysekloster hadde utlikna på overtid. Plutseleg spelar heimelaget på seg eit brot. Lysekloster-spelarane stormar mot Os-målet. Os-trenar Endre Brenne står på sidelinja og held hendene på hovudet og trur knapt det han ser. Heldigvis for han svikta Tim Nilsen på den store sjansen, og ballen gjekk over mål. Det var det siste som skjedde. Kampen enda 4-4(!).

Lite nøgde: Benken til Os var lite nøgde med dommarane kring straffesparket til Lysekloster.

Sikra 2-1 rett før kvilen

Det var Os som opna ballet etter ni minutt. Heimelaget rulla opp eit godt angrep, der ein ball blei slått frå venstre inn mot bakre stolpe. Der kom Thomas Spilde og gav heimelaget leiinga, etter ei sjansefattig opning på kampen. Deretter følgde stillingskrig, før det eksploderte etter vel 30 minutt spelt. Bortelaget fekk straffespark etter at Bildøy gjekk i bakken (sjå sak under). Det enda med tumultar og eitt gult kort til kvart lag, før Tim Nilsen utlikna for Lysekloster. Det såg ut til å bli pauseresultatet, men på overtid fann Viktor Wikheim ein umarkert Roger Ekeland som kontant sette inn 2—1 for heimelaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Begge laga skapte sjansar i andreomgang, men publikum måtte venta gode 20 minutt før neste mål skulle koma. Innbytar Henrik Sperrevik, som tidlegare har spelt for Os, krangla inn 2-2 for bortelaget.

Steffen Kvamsdal ville ikkje vera dårlegare. Berre minutt tidlegare hadde han vore involvert i ein større sjanse for heimelaget. Der hamna ballen, tilsynelatande noko overraskande i beina til Ekeland, som sette ballen utanfor frå kort hald.

Kriga inn 2-2: Henrik Sperrevik, som har spelt for begge laga, utlikna til 2-2 for Lysekloster etter å ha kome inn som innbytar.

Kom tilbake heilt på tampen

Kvamsdal var derimot kald då han frå skrått hald sette ballen til venstre for Vitaly Melnichenko i Lysekloster-buret, og Os var nok ein gong i føringa på Kuventræ.

Verre skulle det bli for Lysekloster. Innbytar Niklas Lunde Fosen sprang frå alle på ein kontring, og var like kald som Kvamsdal åleine med Melnichenko. Med ti minutt att stod det 4—2.

Sprang inn 4-2: Niklas Lunde Fosen såg ut til å ha sikra Os tre poeng då han kontra inn 4-2 ti minutt før slutt.

Lysekloster pressa Os bakover i banen, men kom ikkje til dei heilt store sjansane før Ronny Rojas trefte godt, og ballen gjekk via eit Os-bein, og i mål bak Kasper Færøvik. Håpet var tend for bortelaget.

Nokre minutt seinare var det Rojas som var tilretteleggjar. Ballen kom inn frå høgresida, og innbytar Dahl fekk stå relativt umarkert i feltet. Utlikninga var eit faktum. Nilsen fekk ein stor sjanse til å gjera snuoperasjonen komplett, men avslutninga gjekk over, og dommar Anders Bjerk Hansen blåste av kampen.

Det var mange som hang med hovudet etter at kampen var over. Blant dei, Christian Dahl, som sikra eitt poeng for Lysekloster heilt på tampen.

— Det var sikkert veldig morosamt for publikum. Dei fekk nok det dei ville ha. Det er kjekt at vi klarer å koma tilbake, men vi burde klara å vinna denne kampen med det laget vi har, seier Dahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Travelt: Dommar Anders Bjerk Hansen fekk det travelt måndag, og delte ut ti gule kort i lokaloppgjeret.

Lysekloster har ikkje vunne ein seriekamp sidan opningsrunden. Dei står med to poeng på dei fire siste kampane.

— Matematisk kan vi framleis klara å rykkja opp, men det skal nok mykje til. Vi må berre fokusera på oss sjølve og ta flest mogleg poeng.

— Vi tapte to poeng

For Os-trenar Endre Brenne var det tøft å sjå to poeng forsvinna på overtid.

— Dette er kjempetungt. Vi slår av mot slutten. Vi gjev dei rom til å skapa tilfeldigheiter i boksen vår. Det er ikkje ein fantastisk kamp av oss, men vi skal vinna med det utgangspunktet ti minutt før slutt, seier Brenne.

— De kunne også fort tapt alle poenga?

— Ja, det kunne vi. Vi ville opp og skåra, men vi må syta for å ikkje selja oss totalt. Dei kom vel tre mot ein på slutten der. Vi kan vera glade for at ikkje alle poenga gjekk tapt.

Bittert: Rune Mo meiner Os er eit betre lag enn Lysekloster, og at heimelaget med det utgangspunktet dei hadde etter 80 minutt, kasta bort poeng måndag.

Brenne meiner at Lysekloster hadde mykje ball gjennom kampen, utan å skapa stort. Men det heimelaget lukkast med i litt over 80 minutt, var fråverande på slutten.

— Vi hadde ikkje lenger press på dei. Vi blei for låge, og vi blei straffa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Rune Mo samd i. Han meiner at Os burde klart å stå ut kampen, og har inga god forklaring på kvifor dei fall så langt ned med laget.

— Vi maktar ikkje å gjera jobben. Det er ein grunnleggjande jobb som ikkje blir gjort på slutten av kampen. Utruleg surt, seier han.

— Det blir gjort mange byter. Kan det ha medverka til at de mista litt fasong?

— Eg trur ikkje det spelar så mykje inn i denne kampen. Alle skal ha evna til å flytta bein. Det er der vi sviktar. Eg meiner vi skal vera eit betre lag enn Lysekloster. Det er surt å tapa to poeng med det utgangspunktet vi hadde kort tid før slutt, seier Mo.

Snakkar ikkje lenger om opprykk

Lysekloster-kaptein Tobias Heltne Alme var klar på at dei ikkje fortente noko meir enn det eine poenget dei fekk med seg frå Kuventræ, men at det sjølvsagt er litt surt ikkje å stå att med tre poeng etter sjansen dei fekk rett før sluttsignalet gjekk.

— I dag er vi dårleg i 80 minutt. Det held ikkje til tre poeng. Det er noko med strukturen defensivt som er feil. Vi gjev dei skåringar. Dei spelar rett gjennom oss. Offensivt er det bra i dag. Vi leverer flotte skåringar, men det hjelper ikkje stor om vi slepp dei så lett til som vi gjer.

Trudde det nok knapt sjølv: Tim Nilsen blei liggjande og sjå ut i lufta etter å ha missa sjansen til å gje Lysekloster 5—4 på overtid.

Lysekloster er eit lag som har ambisjonar om å ta steget opp eit nivå. Det ser vanskeleg ut no som dei står med fem poeng på like mange kampar. Dei er tre poeng bak Os, og åtte poeng bak Frigg som toppar tabellen.

— Opprykket la vi frå oss førre helg. Vi tek kamp for kamp no, og tenkjer ikkje opprykk. Alt som gjeld er å vinna neste kamp, seier Heltne Alme.