Kan trena, men ikkje spela kampar: Ordinær treningsaktivitet kan gjennomførast, men kampar, cupar og stemne, også for barn og unge, må framleis utsetjast.

Tillate med fritidsaktivitetar inne og ute for alle under 20 år

Barn og unge under 20 kan trena og delta i fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne, seier statsminister Erna Solberg (H).

– Dei kan òg sjå bort frå tilrådinga om ein meters avstand når det er nødvendig i utøvinga av aktivitet, sa Solberg då ho gjorde greie for koronahandteringa for Stortinget måndag.

Ordinær treningsaktivitet internt i lag, klubbar og foreiningar kan derfor gjennomførast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men kampar, cupar og stemne, også for barn og unge må framleis utsetjast. For vaksne blir tilrådinga vidareført om ikkje å driva organisert aktivitet innandørs. Utandørs kan det trenast, dersom det er mogleg å halda god avstand, sa Solberg vidare.

Toppidretten blir tilrådd å utsetja alt seriespel i to veker.