Årets lag: Anders Mol og Christian Sørum vart historiske då dei vann OL-gull. I kveld vart dei heidra under Idrettsgallaen.

Vann pris som Årets lag under Idrettsgallaen

Anders Mol og Christian Sørum fekk pris etter fjorårets knallsesong.

– Wow. Dette her er gøy altså. Shit, var Mol sin spontane reaksjon frå scenen då han og Sørum mottok prisen laurdag kveld.

– Tusen takk til juryen som har stemt oss fram og gratulerer til alle nominerte. Det har vore eit fantastisk år for idretts-Noreg. Då er det ekstra gøy å få denne prisen i år, sa Mol vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Landslagstrenar Kåre Mol var fullstendig utkøyrd etter OL-sesongen: — Var på hotellrommet under heile EM
Les også
Nominerte til pris på Idrettsgallaen etter OL-suksessen. Har ingen planar om å leggja seg på latsida

Makker Sørum løfta fram alle som jobbar i kulissane, og takka teamet med Kåre Mol i spissen, Beach Volley Vikings, landslaget, familie og venner, Norges volleyballforbund, Olympiatoppen og samarbeidspartnarar.

Les også
Merita Mol etter bragda: - Heilt magisk. Dei to har noko heilt spesielt
Les også
OL-parken: Sjå og høyr stemninga då Mol og Sørum tok historisk gull

Mol nytta høvet til å takka alle som har følgd duoen i år.

– I heimbygda mi, som har 500 innbyggjarar, var det 800 som stod opp midt på natta for å følgja OL-finalen, smilte Mol.

– Det er fantastisk å sjå kor stort engasjement dette har skapt her i Noreg. Tusen takk igjen. Denne skal me dela med laget vårt.

Les også
Anders Mol og Christian Sørum er olympiske meistrar!
Les også
Nøgd primus motor etter ei svært vellukka OL-veke
Les også
Foreldra til Christian Sørum: - Me berre måtte til Strandvik for å få med oss finalen