Nøgd ny Brann-spelar: Måndag skreiv Vegard Strønen Skeie under ein treårskontrakt med Brann. Her saman med sportssjef Rune Soltvedt.

Vegard er blitt Brann-spelar: Gjekk frå tre dagars treningsopphald til treårskontrakt

I sommar fekk han tilbod om å visa seg fram på tre treningar med Brann. Måndag kveld skreiv Vegard Strønen Skeie under ein treårskontrakt med klubben.

— Det er ein draum som går i oppfylling. Eg har vore Brann-fan sidan eg var liten gut. Dette er veldig stort, seier ungguten som framleis har ein månad att før han fyller 20 år.

Var invitert

Norenesingens Brann-eventyr starta med ein kort og uformell treningsinvitasjon frå sportssjef Rune Soltvedt tidleg i sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg vart invitert til å vera med på tre treningar for å få visa meg fram og kjenna litt på nivået. Så vart opphaldet forlengja litt etter litt. No har eg vore med der i to månader, seier den tidlegare Os-spelaren.

— Når skjønte du at det kanskje kunne enda med ein A-lagskontrakt?

— Eg byrja å få litt håp om det her for to veker sidan. Me har jo vore gjennom eit trenarskifte her nede, og sjølv om heile trenarteamet heile tida har vore positiv og sagt mykje fint om innsatsen min, så gav det litt ekstra håp då Kåre (Ingebrigtsen) kom med sine tilbakemeldingar. Då skjønte eg at dei vurderte meg for alvor, seier Vegard.

All ære til Olis

Han takkar tidlegare Os-kompis Ole Martin Kolskogen for god hjelp med å koma inn i miljøet.

— All ære til Ole. Han gjorde det heilt klart lettare for me å koma inn i gruppa. Dessutan har det sjølvsagt vore enormt inspirerande å sjå kor godt han har gjort det, seier midtstopparen.

I yngre dagar var det Vegard som var «storebroren» i forholdet. Vegard som kaptein på allianselaget til Os, Ole Martin eitt år yngre, men likevel god nok for 2000-laget.

— Me har kjent kvarandre i mange år no. Det er sjølvsagt veldig artig at me begge har klart å koma oss til Brann, seier Vegard.

— Det har vore mykje skadar i troppen den siste tida. Du skulle gjerne fått kontrakten før helga. Då hadde du kanskje fått eliteseriedebuten mot Vålerenga på søndag?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Hehe, ja, det var mange som var skadd til den kampen. Eg får berre stå på. Trena godt og vera klar når dei treng meg.

Fart og duellstyrke

Til liks med Ole Martin, er også Vegard rimeleg rask som midtstoppar.

— Det er heilt klart ein av styrkane mine, kommenterer han.

— Korleis har du teke nivået frå 3. divisjon til eliteserie? Det er vel litt av ein overgang?

— Eg synest det har gått bra heile vegen. Eg gjorde det bra ifrå start av. Det er nok avgjerande for at eg fekk bli verande. Så har eg teke nye steg også undervegs.

— Korleis var stemninga etter Vålerenga-kampen, då?

— Den var vel ikkje all verda. No får me løfta oss fram mot Bodø/Glimt-kampen, slår Brann-spelaren fast.