Anders Mol og Christian Sørum vann turnering i Brasil søndag.
Anders Mol og Christian Sørum vann turnering i Brasil søndag.

Verdas beste viste seg frå si beste side

Anders Mol og Christian Sørum vann storturnering i Brasil søndag.

Den lokale sandvolleyballstjerna, Anders Mol, har hatt ein trøblete inngang til sesongen, med kneskaden som heldt han på sidelinja ei stund. No verkar det gå betre. Han og makker Sørum gjekk i alle fall heilt til topps i turneringa i Itapema i Brasil.

– Det var fantastisk. Det var så jamt og dei polske spelte så bra. Det var vanskelegare enn noko sinne. Utruleg, rett og slett, sa Mol i sigersintervjuet som blei vist på TV 2.

Artikkelen held fram under annonsen.

I finalen møtte dei to Grzegorz Fijalek og Michal Bryl. Dei to kom til kort, men finalen var jamn. Det første settet enda 21–19 i favør Mol og Sørum. Den norske duoen låg under lenge i det første settet, men snudde det altså i si favør. Det andre settet starta omvendt. Mol og Sørum leia lenge, men blei tatt igjen. Begge lag hadde nokre settballar. På Norges femte matchball, blei det siger.

Eventyrleg år

Det var i firestjernersturneringa i Itapema for eitt år sidan at dei to slo gjennom. Då tok dei duoen seg til finale, kor det blei tap for den brasilianske duoen Evandro Oliveira og André Stein.

2018 skulle visa seg å bli eit fantastisk år for nordmennene. Først vann dei to majorturneringa i Gstaad i Sveits. Ei veke seinare gjekk dei heilt til topps i EM i Haag i Nederland. Så vann dei majorturneringa i Wien i Austerrike. Turen gjekk så vidare til Hamburg og World Tour Final – der møtte dei polakkane som dei møtte i Brasil, Bryl og Fijalek. Det enda som kjend med gul til Mol og Sørum også det. Dette gjer at dei er rangerte som dei beste i verda.