Rekordmengder med snø over Os: N/A

Fare for snø og sludd i kveld

Det er stor sjanse for at du startar fredagen med å skrapa frontruta på bilen.

Vêrmeldinga er klar, seint torsdag kveld og natt til fredag vert det nedbør.

I tillegg vert det kjølig med temperaturar ned mot og kring null grader fleire stader i Bjørnafjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed er det berre å gleda seg til skraping av frosta ruter, lårhalsbrot på glatta og full stopp over Vallaheiane.

Vegtrafikksentralen varslar uansett at deira entreprenørar er i beredskap til årets fyrste snøfall i bergensregionen.

Oppmodinga deira er som vanleg: «Køyr etter forholda, hald avstand og berekn litt ekstra tid dersom det kjem snø».