Kø: Skyss har sendt ut melding om forsinka bussar på linja.

Os-bussar forsinka på grunn av lastebil med motorstopp

Ein lastebil sperrar vegen i retning Os ved krysset mellom Troldhaugvegen og Nesttunveien i Bergen.

Ein tipsar har litt før klokka 11 sendt oss melding om at bussen frå Bergen til Os og Halhjemsmarka har stått i stampe bak ein lastebil med motorstopp.

— Vi greidde nettopp å snigla oss forbi, men det er ein del kø framleis, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kl. 11.15 melder Vegtrafikksentralen at vegen er open att.