Stengd for trafikk: Her får ikkje bilar køyra.

Stengjer av: Bilar må vika for gåande i sentrum

Frå helga av og ut neste veke, vil delar av sentrum vera stengd for bilar.

Osøyro blir stengd for trafikk og parkering i helga og neste veke, opplyser kommunen på heimesida si.

— Frå fredag 19. juni, til laurdag 27. juni blir Bydraget stengd for trafikk i samband med Sommargata. Det blir ikkje mogeleg å køyra gjennom Osøyro frå Brugata eller Landboden. Alle parkeringsplassar i sentrum blir stengd i heile perioden. Gjennomkøyring frå Øyro til Torggata blir einvegskøyrd, opplyser kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir oppmoda om å bruka sentrumsnære parkeringsplassar om ein er avhengig av bil.

— Bydraget vil vera stengd for gjennomkøyring mellom klokka 09 og 17, medan parkeringsplassane vil vera stengde gjennom heile veka.