Beslaglagt: Eit førarkort er beslaglagt utan samtykke.

To trafikkulukker i same veg med førarar under 25 år. Eitt førarkort beslaglagt

På Søre Neset har det skjedd to ulukker i same veg i går og i dag.

Den første ulukka skjedde 16.36 i går. Ein gut på seks år var på veg over eit gangfelt og vart påkøyrd. Guten vart køyrd til legevakta av foreldra. Faren meldte hendinga ein time etter ho skjedde, og politiet rykte ut.

– Politiet køyrde til legevakta for å høyra kva som hadde skjedd, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Guten skal ha slått leppa og kjeven, men det er ikkje meldt om andre skadar.

Politiet tok bilete av staden og det er oppretta sak. Den mistenkte føraren er ei dame på 21 år.

Korleis guten vart treft av bilen, er ukjend.

Beslaglag førarkort

I same veg klokka 00.01 skjedde endå ei trafikkulukke. Bilen skal ha tverra og køyrde inn i ein mur, ifølgje politiet, som mistenker høg fart. Førar hevdar å ikkje ha køyrt fort.

Airbag vart utløyst og bilen er skadd, men det vart ikkje observert røyk eller lekkasje på bilen.

Føraren er ein gut på 18 år som var på veg heim frå jobb. Han skal ikkje ha vorte skadd i samanstøyten.

Det vart gjort avhøyr på staden. Føraren blåste 0,0 og det er ikkje mistanke om rus. Førarkortet vart beslaglagt utan samtykke, ifølgje politiet. Det er oppretta sak.