Bustadnytt
-
Kjøparane av denne bustaden måtte ut med over sju millionar kroner
-
Denne bustaden vart seld for nesten ti millionar
-
Tomannsbustaden i Os er no seld. Dette vart prisen.
-
Hagavik: Kjøparen la 4.390.000 kroner på bordet for å kapra denne tomannsbustaden
-
Einebustaden frå 1969 gjekk for 5.350.000 kroner. Sjå alle dei siste sala i Os.
-
Nytt bustadsal i Os. Pris: nesten fire millionar kroner.
-
Hus i Stølsvegen selt – dei er nye eigarar
-
Prislappen for det dyraste huset i Bjørnafjorden: 10.800.000 kroner
-
Sjekk den høge kvadratmeterprisen
-
Seld for over ni millionar kroner
Næringsnytt
-
Nytt holdingselskap blir registrert i Søfteland
-
24-åring startar nytt aksjeselskap
-
Aksjeselskap registrert på Søfteland
-
Ung bedriftseigar: 33-åring lanserer ny verksemd
-
Vil opna mobilt gatekjøken i Os. Har ikkje fått svar frå kommunen
-
Etter ein travel opningsdag, har restauranten vore stengd
-
Ny rørlegger i Søfteland
-
Føretaksregisteret: Endring i kapital hos Os Maskinering AS
-
M. Nordtveit Holding AS – nytt holdingselskap i Strandvik
-
Ny forretningsadresse for Parykk-Experten AS
FAGFOLK & TENESTER
-
Rørleggermester Stig E.Nilsen AS
-
RØRLEGGERIET OS BADEMILJØ
-
ULVEN MINILAGER
-
JERNIA P.M. SÆLEN
-
HORDAGLASS
-
SKAATHUN BILVERKSTED AS
-
OS HAGESERVICE
-
RØD ELEKTRO
-
MALERMESTER KVITTINGEN
-
SAS ELEKTROSERVICE
-
R&B SCOOTER MC
-
BG BETONGGULV
-
MOTOR-DRANGE
-
ISOTEKS MILJØ VEST
-
OS MARINESERVICE
-
OS AUTO
-
PROSJEKT VEST BYGG AS
-
BILVERKSTED
-
Varmepumpemontøren & Vestland Klimaservice AS
-
RØRLEGGER
Veit du noko?
Send oss gjerne ein epost om du kjenner til forhold i saka.
Aktuelt
Hjulproblem i tunnelen
Søndag kveld fekk eit køyretøy problem med eine hjulet i Lyshorntunnelen retning Os.
Vegtrafikksentralen sette ned farten og føraren ville bestilla bilbergar sjølv. Ho vart ståande i ei veglomme og venta på berging.
Ruskontroll på Halhjem
UP har torsdag morgon hatt ruskontroll på Halhjem ferjekai. Av 69 kontrollerte var det ingen utslag.
Daud sau på Lepsøy
Onsdag ettermiddag i fem-tida fekk politiet melding om funn av ein daud sau på Lepsøy. Eigar vart varsla, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein epost til media.
Promillekontroll på Halhjem
Fredag morgon i 8-tida hadde UP ruskontroll på Halhjem. 25 biler vart kontrollerte, men ingen utslag.
Hjort mot bil i Liafjellstunnelen
Halv seks torsdag morgon fekk politiet melding om påkøyrd vilt i Liafjellstunnelen.
Politiet varsla Vegtrafikksentralen og bilbergar.
— Slik eg har forstått det vil dyret bli plukka opp seinare, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein epost til media.
Politiet prata med rektor
Onsdag morgon var patruljen på Lysekloster barneskule i samband med Aksjon skuleveg. Der fekk dei slått av ein prat med mange elevar og rektor på skulen.
Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein epost til media.
Politi besøkte barneskule
Onsdag morgon om lag kl. 7.40 gjennomførte politipatruljen "Aksjon skolevei" ved Nore Neset barneskule. Her vart det ingen reaksjonar.
Ville ikkje gi frå seg førarkortet
Onsdag litt etter klokka 14 gjennomførte politiet ein fartskontroll på Lyseklostervegen. Ein mann i starten av 20-åra vart målt til 77 km/t i 50-sona. Han samtykket ikkje til førarkortbeslag og ynskte ikkje å forklara seg. Politiet har oppretta sak.
Brann i eit bedriftslokale
Måndag føremiddag braut det ut brann i ein bedrift i Industrivegen i Os. Dei tilsette sløkte brannen sjølv. Det heile skjedde i samband med sveising. Ingen tilsette vart skadde.
Ole Bulls veg stengt
Grunna arbeid med asfaltering og kanting, vil vegen over Søvikåsen /Ole Bulls veg verastengt for trafikk i veke 27 og 28.
Det melder Bjørnafjorden kommune på si heimeside.
Ber førar melda seg etter bulking
Tysdag etter lunsj fekk politiet melding om ein bil som skal ha fått ein bulk på parkeringsplassen utanfor Osbadet.
Sjølve bulkinga skal ha funne stad søndag mellom kl. 11.24 og 14.07.
Då bileigaren skulle køyra frå staden, vart han merksam på ein bulk i døra på førarsida.
— Vi ynsker at vedkomande som kjenner til dette uhellet melder seg til politiet i Bjørnafjorden, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein epost til media.
Sladda ved barneskule
Måndag kveld fekk politiet melding om eit par biler som køyrde stygt og mellom anna sladda rundt på skuleplassen til Borgafjellet barneskule.
Det opplyser politioverbetjent Atle Birkeland i ein epost til media.
Politiet fekk ikkje kontrollert nokon av desse, men har fått informasjon som kan gjera det mogleg å identifisera bilane.
Kafégjest gjorde ikkje opp for seg
Ein mann i 50-åra skal søndag ha gått frå Halhjem kafé utan å ha betalt for seg.
Politiet fekk melding om dette natt til måndag.
Dei gav meldar beskjed om å senda faktura til vedkomande eller melda han til politiet.
Buss køyrde på katt
Like etter midnatt laurdag kveld fekk politiet melding frå ein bussjåfør som sa han hadde køyrt på ein katt og skada denne.
Katten sprang frå staden, og det såg ut som han hadde fått skade i ein fot.
Det vart ikkje sett i verk nokon operative tiltak frå politiets side.
Oppretta sak på kvinneleg sjåfør
Søndag kveld litt før kl. 23 vart ein førar i 20-åra stoppa og kontrollert.
Kvinna køyrde utan gyldig førarkort. Årsaka var at ho ikkje hadde levert inn gyldig helseattest. Politiet har oppretta sak.
Fem forenkla førelegg på Halhjemsvegen
Søndag kveld litt før kl. 22 gjennomførte politiet ein ruskontroll på E39 Halhjemsvegen.
Det vart skrive ut fem forenkla førelegg der høgste fart vart målt til 86 km/t i 70-sona. Vedkomande måtte ut med 7.250 kroner.
54 førarar vart kontrollerte for rus, utan nokon reaksjonar.
Måtte ut med 15.600 kroner
Fredag kveld i 22-23-tida gjennomførte politiet ein trafikkontroll på E39 Halhjemsvegen.
Det vart skrive ut to forenkla førelegg der høgste fart var 92 km/t i 70-sonen. Det betyr ein sum på 15.600 kroner.
I tillegg vart 32 førarar kontrollerte for rus, men utan nokon reaksjonar.
Rusa mann på bussterminalen
Fredag kveld i nitida fekk politiet melding om ein mann som rusa seg og satte ei sprøyte ved bussterminalen i Os sentrum.
Politiet sette ikkje i verk nokon operative tiltak.
Hasj på kyrkjegarden
Fredag kveld fekk politiet melding om ungdomar som røykte hasj på Os kyrkjegard.
Det vart ikkje sett i verk nokon operative tiltak.
Førarkortet rauk på Lepsøyvegen
Fredag ettermiddag litt før kl. 18 vart ein mann i 30-åra målt til 86 km/t i 50-sona på Lepsøyvegen.
Føraren samtykka til beslaget, vedtok førelegget og erkjende forholdet. Politiet har oppretta sak.