Forsiden - os og fusa

Aktuelt

  • 40 personar kontrollert på Halhjemsvegen

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Torsdag kveld i nitida gjennomførte politiet ein ruskontroll på E39 Halhjemsvegen. 40 personar vart kontrollerte, men ingen utslag.

  • Kontroll på Lyseklostervegen

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Torsdag kveld gjennomførte politiet ein trafikkontroll i 50-sona på Lyseklostervegen. Resultatet vart fem forenkla førelegg, der høgste fart vart målt til 55 km/t.

  • Mobilbruk i bil

    Benjamin Olsen

    To personar fekk eit forenkla forelegg etter at dei skal ha brukt handhalden mobil under køyring torsdag.

    Politiet skal ha gjennomført trafikkontroll ved 7-Eleven torsdag ettermiddag litt før halv to.

  • Hjort med tre bein

    Benjamin Olsen

    I området Banktjørnhaugen skal det onsdag ha blitt observert ein hjort, som skal ha mangla eitt bein.

    Det skal ha vore ein turgåar som melde politiet om dyret.

    Politioverbetjent Anne Lyssand opplyser at viltnemnda blei varsla og tok over oppdraget.

  • Ringde politiet etter russefotball på Søfteland

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Litt før klokka 23 mandag fekk politiet melding om eit russearrangement på Søfteland idrettsplass. Meldar opplyste at det var knust glas, mykje støy og fleire russ som var berusa.

    Om lag 40 russ skal ha arrangert fotballturnering på staden.

    Politiet dro til staden. Russen rydd fint opp etter seg og forlet plassen om lag kl. 23.

    Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein epost til media.

  • Ungdom trong bistand frå helse

    Benjamin Olsen

    Politiet skal laurdag kveld ha fått melding om ein ungdom som hadde behov for helsebistand på fest i Hagavik-området.

    Meldinga skal ha kome inn litt før klokka 22 laurdag.

    I ein e-post til avisa opplyser politioverbetjent Anne Lyssand at helse tok over oppdraget.

  • Fire forenkla førelegg

    Benjamin Olsen

    Resultatet var nok ein trafikkontroll på Halhjemsvegen, var fire forenkla førelegg.

    Politiet har søndag kveld vore på plass for å kontrollera trafikantane. Der skal fire førarar ha køyrd for fort.

    Kontrollen vart gjennomført i 70-sona, og det er opplyst at politiet var på staden kring klokka 22.30.

    – Høgaste hastigheit var 94 km/t, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.

  • Trafikkuhell i Lepsøykrysset

    Benjamin Olsen

    Laurdag ettermiddag skal ein bil ha køyrd i bilen som stod foran i Lepsøykrysset.

    Politiet har ikkje oppretta sak.

    – Det er ikkje gjort førarkortbeslag, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

    Vegtrafikksentralen blei varsla etter uhellet. Ingen av dei involverte skal ha blitt skadd. Det var trafikkdirigering på staden og ein del "nedfall" i vegen.

    – Begge førarane blåste til 0,00, skriv Lyssand i ein e-post.

  • Brannalarmen gjekk i Hegglandsdalsvegen

    Benjamin Olsen

    Natt til laurdag skal ein brannalarm ha blitt utløyst i eit bygg ved Hegglandsdalsvegen.

    Politiet opplyser at brannvesenet var på staden, og at sprinkleranlegget i bygget hadde blitt utløst.

    Dette skal ha skjed kring klokka 02.00 laurdag.

  • Mann med tommelen ute i Lepsøykrysset

    Benjamin Olsen

    Politiet rapporterer måndag om ei trafikkfarleg hending ved Lepsøykrysset. Der skal ein mann ha haika langs vegen i 70-sona. Ifølgje politioverbetjent Anne Lyssand skal mannen ha framstått rusa.

    – Meldar tok mannen med seg til nærmaste busstopp. Ingen operative tiltak, skriv Lyssand i ein e-post.

  • Manuell dirigering på Vallaheiane

    Benjamin Olsen

    I ei melding på X like etter klokka 8 tysdag morgon, opplyser Vegtrafikksentralen om ei hending på Fv583.

    Like før Vallaheiane, i retning Os, skal det ha skjedd eit trafikkuhell.

    Politiet er på staden for å dirigera trafikken, vert det opplyst.

  • UP-kontroll Halhjemsvegen

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Søndag kveld avholdt UP ein trafikkontroll på Halhjemsvegen. Det vart ingen reaksjoner på fart eller andre forhold denne gongen.

  • Langvarig krangel

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Søndag ettermiddag rykte politiet ut til ei privat adresse sentralt i Os etter melding om mykje støy frå staden. Det viste seg å ha vore ein langvarig krangel mellom to partar gjennom helga. Begge fekk pålegg om å koma til ro.

  • Berusa person på Moberg

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Lørdag kveld i halv elleve-tida fekk politiet melding om ein berusa mann som gjekk midt i Halhjemsvegen på Moberg. Politiet var ikkje i kontakt med personen. Det kom ingen fleire meldingar, så politiet håpar han kom seg fram dit han skulle.

  • Ny vingling i Lyshorntunnelen

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Søndag i halv tolv-tida fekk politiet melding om ein bil som vingla og køyrde i ujamn hastigheit i Lyshorntunnelen i nordgåande køyrefelt. Bilen vart ikkje kontrollert.

  • Vingla i Lyshorntunnellen

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Fredag i 14-tida fekk politiet melding ein lastebil som køyrde vinglete i Lyshorntunnelen retning nordover.

    Lastebilen vart stoppa og kontrollert, men alt vart funne å vera i orden.

  • Laserkontroll i 70-sone

    Benjamin Olsen

    Politiet har vore på plass ved Halhjemsvegen igjen. Torsdag formiddag litt før klokka 11 skal dei ha gjennomført trafikkontroll.

    Politioverbetjent Anne Lyssand opplyser at dei stod ved 70-sona. Resultatet blei ti forenkla førelegg.

    – Høgaste hastigheit var 83 km/t. Ingen utslag på alkometer, skriv Lyssand.

  • I grøfta ved Mobergsbakken

    Benjamin Olsen

    Torsdag ettermiddag fekk politiet melding om eit køyretøy som hadde hamna i grøfta i Mobergsbakken.

    Politioverbetjent Anne Lyssand opplyser at ikkje politiet rykte ut.

    – Ingen patrulje ledig, difor ingen politi på staden, skriv ho i ein e-post.

  • Påska prega av stygg køyring

    Benjamin Olsen

    Det har stort sett vore roleg for politiet i Fusa gjennom påska. Av nye hendingar, finn politistasjonssjef Terje Sperrevik ei rekkje oppføringar i loggen, men lite som stammar frå gamle Fusa kommune.

    – Det eg ser her, er at det frå fleire stader i kommunen; Kilen, Sævareid og Eikelandsosen, er meld om stygg køyring, fortel Sperrevik.

    Meldingane går på stor hastigheit og bilar som ligg midt i vegen. Trafikantane melder frå om dei ser noko dei reagerer på.

    – Det dei har formidla til oss, vert registrert, seier Sperrevik.

  • Mangla forsikring og EU-kontroll

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Mandag ettermiddag kontrollerte politipatruljen eit køyretøy på Byvegen. Bilen var begjært avskilta på grunn av manglande EU-kontroll og manglande forsikring. Politiet oppretta sak og tok skilta. Føraren var ein mann i 30-åra.

Powered by Labrador CMS