Opplevingsturane til Lysøen var sterkt medverkande til rekordbesøket på Lysøen i 2017.
Opplevingsturane til Lysøen var sterkt medverkande til rekordbesøket på Lysøen i 2017.

Trur på ny besøksrekord på Lysøen

9.300 besøkande var ny rekord på Lysøen i fjor. I år håpar dei å bikka 10.000.

For tredje året på rad satsar KODE på søndagsarrangementet «Trollbundet av Ole Bull». Pakkeløysinga med busstur frå Bergen, omvisning på Lysøen og konsert har vore ein stor suksess og ei klart medverkande årsak til fjorårets publikumsrekord.

– Då me starta dette prosjektet, var det i stor grad mynta på turistar og tilreisande, men etter kvart har me sett at svært mange lokale både frå Bergen og omegn har falt for pakkeløysinga. Det er rett og slett blitt attraktivt å vera turist i eigen by, seier kommunikasjonsrådgjevar i KODE, Anette Basso.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kort veg for osingane

Også lokale frå Os og Fusa har funne vegen til søndagsarrangementa om sommaren.

– Det er fleire som møter opp på Buena kai og er med. For lesarane dykkar er det kortreist ferieoppleving, ler Basso.

«Trollbundet av Ole Bull»-tilbodet er tilgjengeleg kvar søndag i juli og august. Fiolinistane som til ei kvar tid frontar konsertseansen er Dmytro Kozan og Rasmus Hella Mikkelsen.

Ole Bulls villa frå innsida er kanskje verd å få med seg.
Ole Bulls villa frå innsida er kanskje verd å få med seg.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no