Cathrine Johannessen Røssland er hovudtillitsvald for Norsk Sykepleierforbund Bjørnafjorden.

DEBATT

Å byggje ned eldreomsorga no er å gå baklengs inn i framtida

Eg håpar kommunestyret nyttar denne budsjettprosessen til å snu –ikkje kutte kapasitet, men sikre og styrkje rammene for eldreomsorga.

Eldrebølgja er ikkje noko som kjem – eldrebølga er her. Og i møte med fleire eldre pasientar med meir komplekse behov og aukande konkurranse om kompetanse, foreslår Bjørnafjorden kommune å redusere talet på sjukeheimsplassar.

I ei slik tid må vi løfte blikket og stille oss sjølve spørsmålet: Byggjer vi for framtida – eller svekkjer vi evna vår til å møte ho?

Kommunen sitt budsjettforslag legg opp til ei betydeleg nedtrapping av sjukeheimsplassar på begge sider av kommunen dei neste åra. Samstundes veit vi at talet på eldre med omfattande og samansette behov vil auke kraftig, samt personar med demens. Det krev bemanning, kompetanse og kapasitet – ikkje mindre av det.

Vi har dyktige fagfolk – la oss behalde og byggje vidare på dei. 

Eg vil løfte fram den gode innsatsen til sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og alle andre helsearbeidarar i kommunen. Kvar dag viser dei profesjonalitet, fagleg tyngd og eit stort hjarte for pasientane og pårørande. 

Men vi må erkjenne at langvarig omstilling tærer. Å vere ein attraktiv arbeidsgjevar handlar ikkje berre om løn – det handlar om føreseielege rammer, fagleg utvikling og eit system som gjer det mogleg å levere god omsorg. 

Om vi bygger ned kapasiteten og mister fagfolk, risikerer vi at dei ikkje kjem tilbake. Å rekruttere på nytt blir vanskelegare og dyrare etter kvart som konkurransen om helsepersonell aukar, og sjølv om vi har fått på plass nokre rekrutteringstiltak i kommunen vår, er det noko som dei andre kommunane rundt oss og har. 

Kommunen sjølv har lagt fram risikobiletet med meir belastning på pårørande, større press på dei tilsette, omdømmetap og auka turnover. Når leiinga på førehand seier dette, då er det ikkje lenger snakk om budsjettdisiplin – det er snakk om ein politisk kalkulert risiko for svekka helsetenester.

Vi skal byggje opp heimebaserte tenester, velferdsteknologi og førebygging – og det er viktig. Fleire prosessar pågår og vi må nok møte mange diskusjonar framover som eldrebølga slår innover oss, og det skal vi. Men ansvarleg styring betyr å bygge opp før vi trappar ned. Systemet vårt har stått i omstilling lenge; no treng det stabilitet, ikkje ytterlegare press. 

Å gjere dette i rett rekkefølge er viktig, noko anna uroar. 

Eg håpar kommunestyret nyttar denne budsjettprosessen til å snu –ikkje kutte kapasitet, men sikre og styrkje rammene for eldreomsorga.

Det vil lønne seg. For pasientane, for dei tilsette – og for kommunen som fellesskap.

Powered by Labrador CMS