DEBATT
Ap-regjeringa med skattesjokk for småkraftverk
Gratis ferjer og sletting av studielån er ikkje dei einaste bløffane.
Dei siste dagane har det vore mykje fokus på Ap sine løftebrot, Statsbudsjettet 2026, samt løgn og uærleg kommunikasjon frå Ap og LO i haustens valkamp. Gratis ferjer og sletting av studielån er imidlertid ikkje dei einaste bløffane.
I forkant av valet spurde Småkraftforeninga Arbeiderpartiet om småkraftverka kunne rekna med stabile rammevilkår dersom Ap vann valet. Dei fekk svar frå Arbeiderpartiet 2. juli, med stadfesting på at skatte- og avgiftsnivået skulle vera stabilt for kraftverka dei neste fire åra.
Ap-regjeringa sender no likevel på høyring eit forslag om å senka innslagspunktet for grunnrenteskatt frå dagens 10 megawatt til 1,5 megawatt effekt. Med dette får langt fleire av småkraftverka ein kraftig skatteauke. Marginalskatten går frå 22 prosent til 67 prosent.
Over 750 småkraftverk over heile landet vert ramma av Ap sin skatteiver.
Etter det eg kan sjå gjeld dette også fleire småkraftverk i Bjørnafjorden; Haugeelva, Ljotå, Gjønaelva, Eitro, Tveitaskar og Hopselva. Alle ligg i Bjørnafjorden aust.
Til E24 seier styremedlem Oddbjørn Brunstad i Småkraftforeninga at «dette er et nådestøt for en bransje hvor lønnsomheten ofte er marginal».
Igjen ser vi eit eksempel på Ap-regjeringa sin manglande forutsigbarhet i skattepolitikken. I forrige valperiode fekk vi m.a. grunnrenteskatt på havbruk og høgprisbidrag på strøm. No er det småkrafta sin tur til å få kraftige endringar i rammevilkåra. Er det dette Ap meiner med slagordet «Trygg styring»?
Fremskrittspartiet har programfesta at vi vil auka innslagspunktet for grunnrenteskatt, slik at fleire av småkraftverka slepp grunnrenteskatt. Dette vil leggja til rette for etablering av fleire kraftverk, og gje ny energiproduksjon. Og meir energi treng vi. Ap-regjeringa går no motsett veg, og vil at fleire kraftverk skal rammast med ein kraftig skatteauke.
Vonleg vil stortingsfleirtalet stoppa framlegget frå regjeringa, men nok ein gong ser vi eit eksempel på at Ap seier ein ting før valet, og gjer noko anna etter valet.