– Innsparinga tilsvarar berre 0,45 promille av totalbudsjettet til kommunen.

DEBATT

Kommunen blir ikkje rikare av å selje og flytte

Meirkostnadene kommunen blir tilført ved å leige, vil overstige dei årlege driftskostnadene på Kommunetunet i dag.

At salet av Kommunetunet er eit stort tap for kommunen både sosialt, kulturelt og pedagogisk, har vi aldri vore i tvil om. 

Etter kvart som prosessen skrir fram, byrjar vi å frykte at det heller ikkje økonomisk vil vere noko å tene på det, – ikkje på lang sikt, og ikkje viss vi reknar inn alle kostnadene flyttinga fører med seg. 

Her er nokre av dei:

Nye lokale må leigast til biblioteket, BUA og enkelte kontor, etter kvart ganske mange kontor når leigeavtalane i Fjord’n Nærsenter går ut, særleg dersom alle tenestene då blir samla på Os-sida, der leigeprisane er vel så høge. 

Nokre av dei påtenkt nyleigde lokala må dessutan byggjast om og tilretteleggjast.

I sak 87/2023 vart det vedtatt vidare drift i Kommunetunet med nokre ombyggingar og flytting av kyrkjekontoret til Kommunetunet. 

I denne saka er det opplyst om at leigekostnaden på gamledelen av Fjord’n Nærenter er kr 1.046.080 i året. Denne leigekontrakten går ut om 3,5 år. Det kostar dermed kommunen meir å leige lokale for halvparten av dei tilsette ved Kommunetunet og kyrkjekontoret i året, enn det gjer å drifte heile Kommunetunet i same periode. 

I tillegg kjem eventuelle nye leigekostnader og kostnader ved ombygging av lokale dersom fasilitetane og kontorplassane som er i Kommunetunet skal flyttast til Fjord’n Nærsenter og Fjorden Arena.

Administrasjonen må bruke mange arbeidstimar på å planleggje og utgreie, samt forhandla med motpartar. 

Deretter må medarbeidarar på alle nivå bruke sine arbeidsdagar på planlegging på eit meir praktisk plan, samt fysisk flytting. 

Ingen av oss har skyhøg timepris, men samanlagt blir det nokre millionar i løn og nokre månader i arbeidstimar, – løn og timar som me kunne brukt betre overfor innbyggjarane våre.

Kommunalsjef for samfunnsutvikling seier at Kommunetunet treng mykje meir oppgradering enn fyrst antatt. Vi som arbeider der, ville vore nøgd med den vesle oppgraderinga som det var løyvd pengar til for eit par år sidan, men som ikkje vart iverksett før salet kom på tale og midlane vart trekte tilbake. 

Utover denne ynskte ombygginga meiner vi bygget er heilt funksjonelt i høve til dagens bruk. Om bygget treng mykje meir oppgradering enn fyrst antatt, må det også bety at ein eventuell salssum blir monaleg lågare enn tidlegare tenkt, og at gevinsten truleg ikkje blir særleg stor.

Kommunebudsjettet for 2024 var på heile 2,24 milliardar kroner, medan dei reelle utgiftene enda opp på 2,6 milliardar kroner. Kommunedirektøren anslår at salet av Kommunetunet vil spare kommunen rundt éin million kroner i året. Det tilsvarar berre 0,45 promille av totalbudsjettet – det mange vil kalla ein dråpe i havet.

Årlege meirkostnader kommunen blir tilført ved leigekostnader vil overstige dei årlege driftskostnadene som er på Kommunetunet pr i dag. I tillegg så har vi tiltak for å spare straum på Kommunetunet. Dette vil ikkje spele inn på straumrekningane på leigelokale. Straumrekninga på Fjord’n Nærsenter blir fordelt ut basert på areal ein disponerer.

Men enno er ikkje Kommunetunet seld. Enno er det tid til snu tankegangen, til å sjå lenger fram enn dei neste par åra, til å bruke kreftene våre på å skape endå meir liv i det vi allereie har, heller enn å flytte rundt på tenester og tru at det skal gjere oss rikare.

Summen vi måtte få for Kommunetunet vil ikkje finansiere mykje meir enn nye leigeutgifter og løna til dei av oss som har arbeidd og eventuelt skal arbeide med planar og flytting i den tida det tar. 

La oss heller bruke tida vår til meir fruktbare ting enn å rive ned møtestader og fellesskap.

Tilsette med arbeidsstad Kommunetunet i Eikelandsosen

Powered by Labrador CMS