DEBATT

Namn på ny, samanslått skule

Nytt namn må tydeleggjera at det er ei ny eining med nytt innhald, der fag og tradisjonar frå begge skulane er samla i noko nytt.

 

Høyringssvar frå OMU for Os gymnas og Os vidaregåande skule

Omstillingsutvalet (OMU), som består av tillitsvalde, vernetenesta og leiinga ved Os gymnas og Os vidaregåande skule, har drøfta forslaget til namn på den nye samanslåtte skulen.

OMU meiner det er uheldig å vidareføra namnet Os vidaregåande skule for den nye eininga. Når to etablerte skular blir slått saman til éin, representerer det noko nytt, både organisatorisk, kulturelt og fagleg. 

Eit nytt namn vil understreka at dette er ein ny skule, ikkje ei vidareføring av den eine.

Etter stadnamnlova og tilhøyrande forskrift har fylkeskommunen ansvar for å fastsetja namn og skrivemåte på eigne institusjonar. Lova legg vekt på at namn skal vera eintydige, gjenkjennelege og ikkje skapa forveksling med eksisterande namn.

Fylkestinget vedtok i 2021 eigne prinsipp for namn på vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune. Desse seier at skular i hovudsak skal få namn etter lokale stadnamn, og at same praksis skal gjelda for nye og samanslåtte skular.

OMU meiner at vidareføring av namnet Os vidaregåande skule vil kunna skapa forveksling mellom den tidlegare og den nye eininga, og slik vera i strid med intensjonen om at namn skal vere eintydige og tydelege. 

Nytt namn må tydeleggjera at det er ei ny eining med nytt innhald, der fag og tradisjonar frå begge skulane er samla i noko nytt.

OMU ber difor om at skuleeigar gjer ei ny vurdering av namnevalet, med utgangspunkt i dei gjeldande reglane for skulenamn og med vekt på at dette er ein ny skule som fortener eit namn som speglar felles identitet, framtid og ambisjonar.

Omstillingsutvalet for Os gymnas og Os vidaregåande skule

 

Powered by Labrador CMS