Folkemøte med innfelt
Os & Fusaposten inviterte til folkemøte i Fusa onsdag i førre veke.

KOMMENTAR:

 Om folkemøte, openheit og tillit

Målet med folkemøtet var å ta pulsen på folk, næringsliv og politikarar i Fusa snart seks år etter samanslåinga.

Publisert Sist oppdatert

Ei av dei viktigaste oppgåvene til ei lokalavis er å leggja til rette for debatt – også når debatten handlar om oss sjølve.

Tillit er ein av grunnsteinane i eit demokrati. Tillit mellom folk, tillit mellom folk og institusjonar, politikarar og makta - og mellom folk og media.

Når nokon uttrykker mistillit til lokalavisa, er det viktig for meg som redaktør å ta det på alvor. 

Media er avhengig av at folk har tillit til jobben vi gjer. Dog ikkje blind tillit. Kritikk og debatt er sunt.

 I forkant av Os & Fusaposten sitt folkemøte i Fusa sist onsdag, vart det uttrykt mistillit til lokalavisa på Facebook-sida “Kvardagsprat i Fusa”.

Forfattaren av innlegget skriv mellom anna at Os & Fusaposten ‘stengjer den opne debatten’, berre ‘opnar for ein kontrollert debatt’ (gjennom folkemøtet), at folkemøtet er ‘opinionsfremming forkledd som folkemøte’, at avisa ‘aktivt undertrykker éi side av debatten’, at vi driv ‘strategisk kommunikasjon og gatekeeping’, og at folk i Fusa vert fråtekne retten til å delta i demokratiet.

Vidare skriv forfattaren at han har fleire på Fusa-sida i ryggen, og vel 100 har respondert på innlegget.

Innlegget tek utgangspunkt i saka om Kommunetunet og folkemøtet. Meir om Kommunetunet seinare, men vårt utgangspunkt for folkemøtet var stoda i Fusa etter samanslåinga for snart seks år sidan.

Målet var å ta pulsen på folk, næringsliv og politikarar etter at Os og Fusa vart Bjørnafjorden 1. januar 2020.

Grunnideen med eit folkemøte er å sleppa folk til. Det var også målet vårt med møtet onsdag.

Gjennom «Vi e’ Bjørnafjorden»-serien har vi forsøkt å få fram folk sine tankar og opplevingar etter samanslåinga. Dette møtet var ei forlenging av denne satsinga, meint som ein arena for å kunna koma med spørsmål, meiningar og innspel. 

For innbyggjarane spesielt, men også for politikarar, administrasjon og næringsliv.

Etter mi meining det motsette av det som kjem til uttrykk i innlegget på Facebook.

Kring 130 møtte. Det er me veldig glade for. Ekstra kjekt var det at fire ungdomar møtte og kom med sine klare meiningar om korleis det er å vera ungdom i Fusa i dag. Dei var også veldig aktive då det vart opna for spørsmål frå salen.

Den delen av innlegget på 'Kvardagsprat' som omhandlar ‘ei stenging’ og ‘ei undertrykking av éi side' av den offentlege debatten, viser - slik eg les det - mellom anna til dekkinga vår av saka om Kommunetunet i Eikelandsosen.

Sidan januar 2020 og denne saka, har me publisert kring 30 saker og lesarinnlegg om Kommunetunet. Bygget har også vore del av andre saker som t.d. budsjett.

Ei av dei ferskaste sakene er denne: «Tilsette reagerer kraftig på prosessen kring salet av Kommunetunet». Det er nærliggjande å tenkja at dette er eitt av tilfella det blir vist til i innlegget på Kvardagsprat.

Denne saka starta med eit lesarinnlegg sendt til avisa - eit brev som også gjekk til kommunen. Eg valde å gjera det om til redaksjonell sak.

'Alvorsgraden' i påstandane gjer at tilsvara kunne ha kome ‘i neste runde’, og at brevet såleis kunne blitt teke inn som debattinnlegg. Poenget med likevel å gjera det til ei redaksjonell sak, med oppfølgingsspørsmål til begge partar, var å opplysa, ettergå faktiske opplysningar - i tråd med god presseskikk - og bringa debatten vidare.

Vurderinga eg gjorde den gongen, var 'streng' i forhold til tilsvarsretten. Den redaksjonelle saka, som inneheld momenta frå brevet og også link til sjølve brevet i nettversjonen, representerer likevel ikkje ei ‘stenging av den opne debatten’ og ‘ei undertrykking av éi side’, meiner eg.

Eg dreg fram dette eksempelet for å visa at vurderingane mine som redaktør vert gjort på det presseetiske, og ikkje noko anna. 

Eg meiner dekkinga vår av Kommunetunet-saka har vore balansert og brei, og ikkje vitnar om undertrykking av éi side av debatten. Når det er sagt, vil eg veldig gjerne koma i dialog om tilfelle der andre måtte sitja med ei anna oppfatning. Det gjeld både i denne og andre saker.

Redaktørstyrte medium er ingen eksakt vitenskap, men grunnplanken vår er alltid Ver Varsam-plakaten.

I møte med mistillit er det avgjerande med kommunikasjon og openheit kring prioriteringane og vurderingane til avisa. For å gjera det klart kva grunnlag vurderingane vert gjort på, for å unngå grobotn for mistillit kring avisa si rolle og for å gå i rette med påstandar som skulle koma om skjulte motiv og agendaer.

Me skal gjennom handling og kommunikasjon visa at det er det presseetiske, Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten som ligg til grunn for vurderingane og prioriteringane våre.

Som lokalavis har vi ansvar for å opplysa, gi innsikt og sikra openheit i saker som vedkjem bjørnafjordingane, anten det gjeld kommunale vedtak, politikk, næringsliv, utbyggingar eller anna.

Vi må tilgjengeleggjera, ettergå, presentera fakta og visa konsekvensar.

Dette trur eg også politikarane helsar velkomen.

På den måten kan vi forhåpentligvis bidra til nødvendig tillit, ikkje berre til lokalavisa, men mellom ‘alle’ bjørnafjordingar.

I krevjande tider med fleire tøffe prioriteringar i vente, er denne tillita avgjerande for gode diskusjonar og saksprosessar.

På folkemøtet vart det sagt at store, viktige saker ‘tilsynelatande blir rusha gjennom’ det kommunale systemet. Os & Fusaposten skal belysa og leggja til rette for konstruktive meiningsutvekslingar tidsnok til at folk blir høyrde.

Denne hausten prøver vi på ein ny inngang til dei politiske møtevekene i kommunen med mål om å tilgjengeleggjera og gje folk betre innblikk i drøftingane før avgjerder blir tatt.

Me skal jobba meir med slik tilgjengeleggjering framover. 

Folkemøte er ein liten del av dette. «Vi e’ Bjørnafjorden» ein annan.

Elles handlar dette om dei daglege prioriteringane våre.

Som OS & FUSAposten i samanslåtte Bjørnafjorden kommune kjenner me på eit ekstra ansvar i så måte.

Her skal me også ha med oss poenget som fleire trekte fram i folkemøtet, nemleg forskjellen i storleik på Os og Fusa. Me skal vera bevisste på og belysa kva utfordringar og konsekvensar dette gjev.

Eg håpar alle bjørnafjordingar vil engasjerera seg vidare, senda lesarinnlegg, ettergå jobben me i lokalavisa gjer og koma med tips og innspel til saker me bør følgja opp.

PS: Forfattaren av det opphavlege innlegget skriv i eit nytt innlegg på Kvardagsprat etter møtet at ein betalingsmur på opptaket frå møtet, mellom anna ville vore ‘profitt på demokratiets kostnad’. Opptaket ligg ute ope, men til forfattarens meiningar om kva ein betalingsmur ville representert, vil eg på generelt grunnlag påpeika at journalistikk kostar. Eit folkemøte, som det er snakk om i dette tilfellet, er kostbart og ressurskrevjande for ei lokalavis. Journalistikk, som ein viktig del av demokratiet, må finansierast. Brukarbetaling er det media tener mest på no, ikkje annonseinntekter, slik det var før.

Powered by Labrador CMS