DEBATT

Seniorar, ein ressurs i samfunnet
Dei fleste er spreke og greier seg utmerka sjølve.
Heldigvis blir seniorar ei stadig større gruppe i samfunnet, og som ein må løfta meir fram. Denne gruppa er ein stor ressurs, ikkje eit problem.
Dei fleste er spreke og greier seg utmerka sjølv. Dei lever lengre, og mange er friske og raske i fleire tiår etter at dei har gått av med pensjon.
Mange seniorar gjer ein kjempeinnsats og er ein uvurderleg ressurs som frivillige, og som gode hjelparar i kvardagen for barn og barnebarn. For ikkje å nemna at mange også bidreg i arbeidslivet vidare. Ja, i enkelte samanhengar er dei å lita på når ein treng ekstrahjelp ved sjukdom og anna førefallande arbeid.
Framstegspartiet har fått kjempa gjennom å fjerna moglegheita til å seia opp arbeidstakarar utelukkande basert på alder, fram til fylte 72 år i både privat og offentleg sektor. Det er eit mål at øvre aldersgrense skal ytterlegare hevast til 75 år. Så skal ein òg respektera alle som ønskjer å gå av på eit tidlegare tidspunkt. Sett ut i frå kvar og ein sin livssituasjon.
Vi meiner òg at det må vera ein samanheng med forventa pensjonsalder og rettar i folketrygda, og vil sikra rett til dagpengar og sjukepengar for alle fram til ein går av med pensjon. Sånn er det dessverre ikkje i dag.
Seniorar i arbeid utover pensjonsalder skal heller ikkje få reduksjon i offentleg pensjonssparing om personar kan og vil arbeida utover gjeldande pensjonsalder.
Helsetilstand og kor eigna ein er må leggjast til grunn ved vurdering av evna til å køyra bil. Avgrensningar berre basert på alder må vekk. Desse kriteria skal også leggast til grunn ved vurdering av arbeidsevne, autorisasjonar i helsevesenet og liknande.