Måtte ut med 1.000 kroner kvar

Jostein Halland
nytt

Tysdag hadde Statens vegvesen ny kontroll på Svegatjørn kontrollplass.

Under kontrollen blei følgjande avdekt:

Fire sjåførar fekk tilsaman seks åtvaringar for mindre brot på reglane for køyre- og kviletid. To av førarane fekk også kvart sitt gebyr på 1.000 kroner for to større brot. Her fekk også transportørane to gebyr på 2.000 for dei same brota.

- Ein førar fekk bruksforbod for ikkje å ha trekt ut bakre underkøyringshinder (for stort overheng bak)

- Fem fekk bruksforbod for sikthindrande gjenstandar i frontruta. Her var det snakk om mobilar/gps, namneskilt, plakatar og andre pyntegjenstandar. Gjenstandar som hindra utsyn måtte fjernast før vidare køyring.

- Tre bruksforbod i samband med farleg gods. Her var det snakk om eit mangelfult utfylt transportdokument, ikkje godkjend brannsløkkingsapparat og mangelfull sikring av godset.

- Eit bruksforbod for manglande stadfesting på disposisjonsrett over motorvogn (manglande leige/leasingavtale då transportør ikkje var registrert eigar av motorvogn). Som løyvehavar må du alltid kunna bekrefta disposisjonsretten over den aktuelle motorvogna som vert brukt til den løyvepliktige transporten. Dette for å hindra at løyve ikkje vert "lånt" ut til andre transportørar.

- Sju køyretøy fekk tekniske mangellappar for luftlekkasje, skada kjennemerke, skada frontrute, heng på bremser og manglande skjerming av hjul/skvettlapp.

Tal på tunge køyretøy over kontrollplass: 115

Tal på kontrollerte lette køyretøy: 5

Tal på kontrollerte for manglande bruk av bilbelte: 35

Tal på sendte rapportar: 1

Tal på bruksforbod: 10

Tal på køyretøy med skriftlege manglar: 7

Tal på sjåførar med brot på køyre- og kviletid: 4

Tal på ADR (farleg gods) - køyretøy med brot: 1

Powered by Labrador CMS