I desse dagar kan du møta Joash Magati Mageto, Antony Odero, Elicky Kiplimo og Kirui Stephen i Os og Fusa.
I desse dagar kan du møta Joash Magati Mageto, Antony Odero, Elicky Kiplimo og Kirui Stephen i Os og Fusa.

Finansierer skulegangen med boksal

Bokprosjektet tilNorsk Bokforlag gjev kenyarar høve til å finansiera eigen skulegang.

I desse dagar kan du møta Joash Magati Mageto, Antony Odero, Elicky Kiplimo og Kirui Stephen i Os og Fusa. Dei fire kenyarane skal vera i Noreg og bergensområdet i tre månader. Her er dei engasjert som bokseljarar gjennom Norsk Bokforlag, for å finansiera studia heime i Kenya.

Med seg har dei både barnebøker, bøker om helse, engelske bøker m.m. For kvar bok dei sel, får dei s45 prosent av inntektene. Desse pengane kjem godt med i jakta på ei utdanning i Kenya.

Artikkelen held fram under annonsen.

Joash utdannar seg til psykolog, Antony tek utdanning innan IT, Elicky skal bli lærar og Kirui tek sikte på journalistyrket.

jostein@osogfusa.no