Overingeniør Tore Thomassen har vore på tokt på Bjørnafjorden for å finne ut meir om kor utsett fjorden er for skred.
Overingeniør Tore Thomassen har vore på tokt på Bjørnafjorden for å finne ut meir om kor utsett fjorden er for skred.

Jordskjelvjakt i Bjørnafjorden

– Skred i Bjørnafjorden kan skje, og det må vi vera førebudde på. Konstruksjonane må vera robuste nok til å tole dette, seier Tore Thomassen.

Det er få arbeid, om nokon, som har kartlagt skredhendingar i fjordar av den detaljgraden som Heidi Kjennbakken, Tore Thomassen og kollegaene deira gjer.

Når Bjørnafjorden får bru, som ein del av Ferjefri E39, har Statens vegvesen tilrådd ei flytebru som anten er endeforankra eller sideforankra. Den sideforankra brua treng anker for å halde den fem kilometer lange brua på plass. Her står det mellom to typar sideforankring, eller ein kombinasjon av dei to; sugeanker med ein diameter på 16 meter, eller ballastanker store som hus, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skred i fjorden

Overingeniør Tore Thomassen har vore på tokt på Bjørnafjorden for å finne ut meir om kor utsett fjorden er for skred, og kor det kan vera mogeleg å plassere ankera som kan halde ei heil bru på plass.

– Ballastankera fyller vi med stein, ofte olivinstein som har høg eigenvekt. Ballastankeret skal liggje på eit stødig underlag, fortel Thomassen som jobbar på Utviklingsprosjekt fjordkryssingar i Statens vegvesen.

Eit sugeanker er ein bøtteforma konstruksjon som vi senkar ned på havbotn med opninga ned. Når vatnet blir pumpa ut av ankeret blir det skapt eit undertrykk inne i konstruksjonen, og ankeret blir soge mot botn.

Heidi Kjennbakken, Mari Bruvik Nieuwenhuizen og Haflidi Haflidason om bord på forskingsfartøyet Geo Sars.
Heidi Kjennbakken, Mari Bruvik Nieuwenhuizen og Haflidi Haflidason om bord på forskingsfartøyet Geo Sars.
Haflidi Haflidason og Julie Zweidorff har fått kjerneprøvane inn i laboratoriet på UIB.
Haflidi Haflidason og Julie Zweidorff har fått kjerneprøvane inn i laboratoriet på UIB.

– Vi prøver å finne ut kor det går skred i fjorden så vi kan finne ut kor vi kan plassere anker, seier Thomassen.

Kva har løyst ut skred?

På havbotn har det blitt gjort undersøkingar for mellom anna å finne ut kva kvalitet jordmassane har. Ut frå jordkvaliteten kan geologane seie noko om faren for skred.

– Stor nok påverking, som eit stort jordskjelv, vil kunne utløyse skred. Vi kan sjå at det har gått skred i Bjørnafjorden tidlegare, seier Thomassen.

Kor tid skreda har gått jobbar Heidi Kjennbakken med å finne ut av.

– Hovudgrunnen til at vi ønskjer å datere skreda er for å forstå om dei vart løyst ut etter landsheving etter istida, eller om det har skjedd i moderne tid, seier Kjennbakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Basert på data frå eit tidlegare tokt fann Multiconsult og Norsk geotekniske institutt (NGI) 32 ankerposisjonar, i tillegg til reserveposisjonar for alle ankera. På dette toktet jobba Kjennbakken og hennar kollegaer med å samle data for å kunne finne dei aller beste ankerposisjonane, i tillegg til å finne ut kva som er på botn av Bjørnafjorden.

– Vi visste ikkje at det var så mange store og små skred i Bjørnafjorden. Kanskje vil det vera sannsynleg at ein finn det same i andre fjordar. Difor kan dataa også interessante for andre forskarar. Universitetet i Bergen vil nytte dataa til å sjå på skredhendingar og avsetningsprosessar i ein større geologisk samanheng, seier Kjennbakken.

Tyder på gamalt jordskjelv

Med hjelp av akustikk samla opp av ein ROV, undervassrobot, har geologane funne ut at fleire skred sannsynlegvis har vorte løyst ut samstundes, som igjen tyder på at det har skjedd som følgje av eit jordskjelv. Denne tolkinga må dei framleis dokumentere gjennom å finne ut kor gamalt skreda er.

– Aldersbestemminga er ein viktig del av arbeidet for å forstå kor tid dei store skreda gjekk og kva som var utløysingsmekanismen, fortel Kjennbakken.

I laboratorium

På ROV-en vert det montert på botnpenetrerande ekkolodd som gjev høgoppløyselege bilete. På toktet blei det også tatt kjerneprøver av botn på Bjørnafjorden.

Leira skal no identifiserast i eit laboratorium på Universitetet i Bergen.

– Skredsedimenta kan vera utfordrande å identifisere sidan alt er leire. Når vi opnar kjernen ser alt ut som brungrå leire, seier ho.

– Når sedimenta er identifiserte tar vi prøver frå laga over og under skreda til karbondatering for å aldersbestemme skreda. Karbonalderen over skredet seier noko om yngste alder på skredet, medan alderen under skredet seier noko om kor mykje sediment som er blitt forstyrra av skredhendingar i området.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til hausten igjen skal Thomassen og kollegaene samle meir data om skråningane i fjorden.