Tilsette "slår alarm om ei uforsvarleg teneste for demente pasientar" på Luranetunet i onsdagens Klassekampen.
Tilsette "slår alarm om ei uforsvarleg teneste for demente pasientar" på Luranetunet i onsdagens Klassekampen.

Klassekampen: - Tilsette meiner demente pasientar på Luranetunet lir på grunn av underbemanning

Tilsette går kraftig ut mot stoda på Luranetunet i eit intervju i Klassekampen onsdag.

– Det vert trekt fram gong på gong kor fantastisk det er på Luranetunet, men vi ser at det ikkje er rett, seier Irene Vågen tilKlassekampen, der ho er intervjua i lag med Helene Thuen, som jobbar på same demensavdeling på Luranetunet.

– Eg er også stolt av Tropehagen, men kva hjelper det når våre pasientar knapt kan bruka han fordi vi ikkje har tid til å følgje dei ut der, seier Thuen iintervjuet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klassekampen viser også til eit brev som Vågen skal ha sendt til leiinga på Luranetunet og administrasjonsleiinga i kommunen i januar. I brevet fortel ho mellom anna om «pasientar som døyr åleine utan at tilsette eller pårørande er til stades», «vakter med berre assistentar på jobb» og «feilmedisinering grunna høgt arbeidspress».

Vågen og Thuen fremjar to ønske i avisa for at bebuarane skal få ei betre pleie: Ein vakt meir på dagtid måndag til fredag og hjelp under måltida.

Kommunalsjef for helse og omsorg, Monica Melvold, seier tilKlassekampen at «det som har kome fram, sjølvsagt må takast tak i».

- Eg ønskjer dialog med leiarar, tillitsvalde og tilsette om dette. Vi er pliktige til å sørgja for god omsorg og er opptekne av at alle skal ha eit godt og trygt arbeidsmiljø, uttalar Melvold.

Ho peikar også på at ho har tett dialog med einingsleiinga på Luranetunet og at «bemanninga har vorte auka på fleire avdelingar med bakgrunn i at pasientar har vorte sjukare og difor krev meir pleie».

jostein@osogfusa.no