Tre dagar hadde Sebastian Hess på seg til å vida dommarane at han var beste betongarbeidaren i landet.
Tre dagar hadde Sebastian Hess på seg til å vida dommarane at han var beste betongarbeidaren i landet. Foto: Byggopp

Noregs beste i betongfag

Etter treårig allmenn utdanning bestemte Sebastian Hess seg for å bli betongarbeidar. Torsdag vart han noregsmeister i faget.

Osingen byrja som lærling hos Stoltz entreprenør for tre år sidan. I forkant av årets NM i byggfag i Vestlandshallen vart han som einaste representant for Byggopp (Opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk) teke ut til å forsvara Hordaland fylke i NM-konkurransen.

- Me er svært stolte av det Sebastian presterte, og vel så stolte og nøgde med den opplæringa han ser ut til å ha fått hos Stoltz entreprenør, seier opplæringsleiar ved Byggopp, Johnny Olsen.

Vrien oppgåve

At Sebastian var einaste representant frå Hordaland, og var vald ut blant 180 betong-lærlingar såg ikkje ut til å plaga ungguten nemneverdig. Osingen presterte nemleg svært godt.

- Dei fekk ei utfordrande oppgåve, som dei skulle bruka tre dagar på. Oppgåva var å laga ei ganske vrien trapp. Sebastian løyste det heile på meisterleg vis og gjekk fullt fortent til topps i konkurransen, fortel Olsen.