Varaordførar Marie Bruarøy overrekte ein mini-oselvar til reiseleiar Darleen Fossum-Martin. Oselvaren er laga av Peter Marron på Vedholmen Galleri.
Varaordførar Marie Bruarøy overrekte ein mini-oselvar til reiseleiar Darleen Fossum-Martin. Oselvaren er laga av Peter Marron på Vedholmen Galleri.

Reiser heim med lokal-kunst i bagasjen

Amerikanarane frå Vestrheim Museum som vitja Lyngheim torsdag reiser heim rik på inspirasjon og minne, og ein mini-oselvar i keramikk.

Vesterheim Museum i Decorah i Iowa er eit av dei mest velrenommerte musea utanfor Norge som presenterer norske tradisjonar og den norske folkekunsten.

Annakvart år arrangerer Vesterheim Museum ein tur til Noreg for å studera norske tradisjonar og den norske folkekunsten. Torsdag vitja dei Lyngheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har vore på Lyse Kloster, og sett Ole Bulls villa frå avstand. No kjem vi frå Solstrand, og her på Lyngheim er det fokus på rosemåling, seier Darleen Fossum-Martin, frå folkekunst-skulen på Vestrheim.

Høgdepunktet på turen

Fossum-Martin og dei 34 andre amerikanarane i reisefølgjet fekk eit føredrag frå Nils-Georg Brekke, og dei fekk sjå, og til dels ta del i rosemåling med Torunn Rød Farsund og Hjørdis Juvik i verkstaden på Lyngheim. Varaordførar Marie Bruarøy gav amerikanarane eit innblikk i Os, og i tillegg hadde ho med ein mini-oselvar, som ein gåve til Vestrheim museum.

- Det er klart at de må få med dykk ei gåve heim. Denne oselvaren er laga av Peter Marron på Vedholmen Galleri, fortalde Bruarøy.

Nils-Georg Brekke dansa vals med amerikanarane.
Nils-Georg Brekke dansa vals med amerikanarane.
Hjørdis Juvik og Torunn Rød Farsund måla til amerikanaranes store begeistring.
Hjørdis Juvik og Torunn Rød Farsund måla til amerikanaranes store begeistring.

Brekke fortel at stoppet på Lyngheim var eit høgdeunkt på Noregs-turneen til amerikanarane, som reiste frå Trondheim via Gudbrandsdalen og breidbygdene på Austlandet, før dei kom til Vestlandet og Os.

- Her fekk dei sjå mykje rosemåling, men høgdepunktet er nok å sjå kunstnarane i sving, seier Brekke, før han blei boden opp til vals av ein amerikanar, til tonar frå Os Spelmannslag.