– Målet vårt er å laga kritisk, undersøkande og opplysande klima- og miljøjournalistikk, seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker (nr. 2 frå høgre). Her i lag med Framtida.no-redaksjonen ved Christian Wiik Gjerde, Bente Kjøllesdal, Beate Haugtrø og Andrea Rygg Nøttveit.
– Målet vårt er å laga kritisk, undersøkande og opplysande klima- og miljøjournalistikk, seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker (nr. 2 frå høgre). Her i lag med Framtida.no-redaksjonen ved Christian Wiik Gjerde, Bente Kjøllesdal, Beate Haugtrø og Andrea Rygg Nøttveit.

Startar stort samarbeid for å setja klima på dagsorden før lokalvalet

Fritt Ord gir 200.000 kroner til starten på eit stort klimajournalistikk-prosjekt i regi av Framtida.no, Energi og Klima og Landslaget for lokalaviser (LLA).

– Målet vårt er å laga kritisk, undersøkande og opplysande klima- og miljøjournalistikk som når mange lesarar, både ungdom og vaksne, og set dette på dagsordenen for å bidra til klimaløysingar lokalt, seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker i ei pressemelding.

Framtida.no og Energi og Klima skal laga artikkelseriar som blir tilgjengeleg for dei over 100 lokalavisene og ABC Nyheter og Startsiden.no. Lokalavisene skal òg få gravehjelp og støtte til å laga god lokal journalistikk om lokal klimarisiko, klimaløysingar lokalt.

Vil skapa debatt om løysingar

Norske lokalsamfunn vil oppleva meir ekstremvêr, fleire og større flaumar, auka rasfare og høgare snø- og tregrense. Kor godt rusta me er til å møta klimaendringane, avheng av kva kommunepolitikarane bestemmer.

Likevel er det i dag lite journalistikk om klima og miljø i lokalavisene, ifølgje ei fersk undersøking frå Nord universitet. Det ønskjer samarbeidspartnarane å gjera noko med, heiter det i pressmeldinga.

– Me vil trekkja vekslar på andre kjelder enn dei som vanlegvis uttalar seg. Inspirert av Lokal Agenda 21 vil me driva journalistikk etter prinsippet «tenk globalt, handla lokalt», seier Langåker.

LLA: – Viktig oppgåve for lokalavisene

– Me ser fram til at vi saman skal vera med på å lage både viktig og nyskapande journalistikk om eit tema som blir viktigare og viktigare, både globalt og lokalt. Folk flest vil merka klimaendringane både i kvardagen rundt seg og ved at kommunane må bruka meir pengar, først og fremst til førebygging, men og til reparasjon. Lokalavisene vil også her ha ei viktig oppgåve i å informera og avdekka gjennom god journalistikk, seier generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA).

Artikkelen held fram under annonsen.

jostein@osogfusa.no