Vil du vera ung redaktør for ein dag?
Er du under 20 år og frå Bjørnafjorden? Då kan dette vera noko for deg.
🗞️ Bli ung redaktør for ein dag i Os og Fusaposten!
Har du nokon gong lurt på korleis det eigentleg er å bestemma kva som hamnar på framsida av ei avis? Kva som blir klikkvinnar, og kva som må droppast? No kan du faktisk finna det ut.
Tysdag 25. november kan du få høve til å vera med på moroa. Vi i Os og Fusaposten vil ha deg med på laget💥
Prosjektet heiter «Ung takeover», og er ein del av eit nasjonalt opplegg frå Norsk Redaktørforening, som markerer 75-årsjubileet sitt i år.
Målet er å sleppa unge stemmer inn i redaksjonen, for å høyra kva de meiner er viktig, kva de vil lesa meir om, og korleis de ser på journalistikken anno 2025.
Som ung redaktør kan du:
-
vera med og diskutera kva som skal publiserast
-
sjå korleis vi jobbar bak kulissene
-
påverka kva saker vi løftar fram den dagen
laga og publisera eiga nettsak og/eller video
prøva deg i green screen-rommet
styra fronten til nettsida vår
-
og, ja – du får vera sjefen for ein dag 😎
Vi vil gjerne høyra frå deg som er under 20 år og bur i Bjørnafjorden, anten du drøymer om å bli journalist, er litt nyheitsnerd, eller berre har sterke meiningar om korleis lokalavisa burde vera. Er du usikker på om du passar til rolla eller ikkje? Søk berre!
👉 Send ein kort søknad, skriftleg eller video på under eitt minutt, til anniken.birkhaug@osogfusa.no. Fortel litt om deg sjølv og kvifor du vil vera ung redaktør .
Frist 17. november.
Vi har dialog med skulen om å få dagen merka som alternativ undervisning/praksis.
Ps: Os & Fusaposten vil på sikt òg lansera ein debattinnlegg-konkurranse for den same aldersgruppa. I tillegg har vi eit sterkt ønske om å starta ein podkast for og av dei unge, der vi vil ha med eit par faste ungdomar og/eller rullerande gjestar. Kan dette også vera noko for deg?