Ein optimistisk Anders Johansson er klar for andre runde i lag med Tor Anders Hauge. Motspelarar her er Rune Fagerbakke og Kåre Aasen.
Ein optimistisk Anders Johansson er klar for andre runde i lag med Tor Anders Hauge. Motspelarar her er Rune Fagerbakke og Kåre Aasen.

Konkurrerte mot sine eigne landsmenn

Den svenske leiaren i Os bridgeklubb tok norsk parti i landskampen mot Sverige måndag.

Anders Johansson kom til Noreg for litt over tre og eit halvt år sidan. I mai vart han vald til leiar av Os bridgeklubb. Måndag spelte han landskamp mot sine eigne landsmenn frå Sverige.

- Eg får håpa gamle vener og kjente tilgjev meg, skjemtar Johansson, som er vakse opp i Väksvik i Syd-Sverige.

Artikkelen held fram under annonsen.

1.000 svenske konkurrentar

Totalt 26 spelarar (13 par) frå Os bridgeklubb deltok i landskampen måndag kveld. I alt deltok 300 spelarar frå 22 norske klubbar. På motsett side av grensa sat 1.000 svenskar klare til å spela med dei same korta.

- Svenskane må gjerna vera fleire. Me kan uansett gå til topps, sa Johansson før start.

Han hadde Tor Anders Hauge som partnar og var optimistisk før det 24 rundar lange spelet.

- Målet må vera at me hevdar oss høgt på lista, sa Johansson.

Knappe 17 minutt etter var Johansson og Hauge most av Jørn Rekkum og Dag Christensen. Då var sjølvtilliten litt nede.

- Det er endå mange spel igjen, men om ikkje me lukkast fullt ut, så får me håpa at nokre andre frå klubben markerer seg, lo Johansson.

Sjuande best

I parspelet i eldresenteret måndag kveld vart eitt par nøydd å venta kvar runde. Bjørn Hauge og Frode Dyrstad klødde i fingrane etter å koma i gang.

- Det er alltid kjedeleg når det blir walkover-rundar, men det er ikkje anna å gjera enn å ta seg ein vaffel og ein kaffi og smøra seg med tolmod, seier Bjørn.

Artikkelen held fram under annonsen.

I lag med partnar Frode kom dei etter kvart godt i gang.

Med eit snitt på 68,2 vart dei fjerde beste norske lag med sin sjuandeplass i turneringa.

Dessverre for dei norske spelarane var Per Mårtensson og Bent Svensson frå Helsingborg kveldens beste og vann med eit snitt på 73,6 på dei 24 rundane.

Når det kjem til vår svenske venn Johansson, gjorde han ikkje all verda til skade for sine gamle landsmenn. I lag med Tor Anders Hauge hamna bussjåføren frå Halhjem på 59,4 i snitt. Det heldt til ein 98. plass i konkurransen.