Bygg, reis deg

Prosjektleiar Lars Ingvald Folkedal i full sving med saga.

Gamal byggeskikk med moderne hjelpemiddel

Inst i Ulvenvatnet reiser det seg eit heilt nytt grindbygg, oppført i gamal stil.

Publisert

Frosten ligg enno i fine krystallar på materialet når dei første grindene blir reiste på Moberg.

Fagfolk har reist langvegsfrå for å føra opp dette huset i gamal byggestil.

bandkniv

Dei veks nemleg ikkje på tre, dei som meistrar bandkniv og fellespett og set opp så store rammeverk utan ein einaste spiker.

Erlend Moberg stikk innom byggeplassen.

Grindverksbygg har røter tilbake til 1500-talet, men tre er i vinden, og i dag ønsker mange å velja kortreiste, naturlege og berekraftige materialar. 

Det er Erlend Moberg som får oppført dette kombinasjonsbygget, som primært skal nyttast til sau og reiskapar. Han er ein av dei som føretrekkjer tre framfor stål. Til prosjektet har han søkt og fått tildelt tilskotsmidlar frå Innovasjon Norge.

Bygget blir 30 meter langt og 15 meter breitt. Arealet er på 1500 kvadratmeter. Dimensjonane er ifølge prosjektleiar Lars Ingvald Folkedal heilt i yttergrensene for kor stort eit grindbygg kan vera.

Dette bygget hadde ikkje blitt til utan levande tradisjonsformidling, for ingen grindbygg er like. Det er lokale forskjellar etter kor i landet du er. Kombinasjonsbygget på Moberg blir bygd etter ein vidareutvikla osterøyteknikk.

illustrasjon, grindverk, grindbygg
Illustrasjon: Grindverk

Grindbygg

Grindbygg er ein trekonstruksjon der det berande elementet på tvers består av grinder. Ei grind er ei ramme med tre sider som er avstiva med to skråband. Knutepunktet mellom alle komponentane låsar delane saman. Eit grindbygg består av to eller fleire grinder, avhenging av kor langt det skal bli.

Grindverksbygg har som regel eit enkelt sperretak og veggar av lette materialar, til dømes bordkledning.

Kjelde: Store Norske Leksikon

byggeplass, grindverksbygg

Reisverket er av gran frå Granvin. Det er felt høge tre, som blir nytta i si fulle lengde.

byggeplass, tømmer, material, øks, sag

Alt tømmeret er hogd i prosjektleiarens eigen skog og sagd på hans eiga sag.

Materiale av rett kvalitet blir nøye utvalt og frakta med spesialtransport til Moberg.

Vestlandslaft

Fattigmannslaft kallar prosjektleiaren det. Vestlendingen sitt alternativ til lafting. Grindverk krev mindre tømmer enn lafting og kan byggast med spinkle dimensjonar. Før i tida brukte folk det det hadde. Byggeteknikken døydde nesten ut på 1960-70-talet, men har teke seg opp at i moderne tid.

Folkedal er med og kursar fagfolk, både privat og i regi av Vestnorsk kulturakademi, men framleis må han henta arbeidskraft frå heile landet, for det er ikkje mange som har kompetanse på å byggja grindbygg av slike dimensjonar. På dette prosjektet har han hanka inn folk både frå Gudbrandsdalen, Fredrikstad og Voss.

Sjå animasjon nedst i saka.

To austlendingar i vestlandsvêr

Det har blitt mildare og våtare, slik den tidlege våren ofte er. Heldigvis er dei vanntette, desse to grindverksbyggarane som trivst godt med å arbeida ute. Éi og éi grind blir monterte på bakken, komponentane blir fletta saman som brikker i eit puslespel og kilt fast med askepluggar. Så blir grinda heist opp i ståande før takstolane står for tur. Ni grinder skal det bli i alt. Det er møysommeleg arbeid, men til gjengjeld kan bygget stå både vel og lenge. Viss det blir beskytta og ivaretatt, gir Folkedal det ikkje mindre enn 400 års garanti.

byggeplass, traktor, grindverk, grindbygg

Rudolf og Fredrik er puslemeistrar.

byggeplass, verktøy

Moberg håpar på tett bygg i løpet av våren.

byggeplass, sag

Så han kan innreie til sauene i sommar og ha alt klart til neste haust.

Triveleg med tre

Småfuglane kvitrar ivrig, måsane pikkar i bakkane og sola er begynt å varma. Rudolf Sarroma, som er utdanna ved Hjerleid handverksskule på Dovre, har kasta jakka. Han lever og åndar for faget og har ikkje berre brei kunnskap, men eit brennande engasjement som tydeleg kjem til uttrykk når han fortel. Det at han snakkar gudbrandsdøl er rett og slett heilt rett. Sarroma er utførande fagmann på byggeplassen her. Tre er triveleg, synest han. Han kallar det for grøn stål.

Han får støtte hos Folkedal som veit å setja pris på bønder som vel kortreiste, berekraftige og grøne alternativ i staden for stål og betong som har høgare karbonavtrykk. Dette er gode bygningar både for folk og dyr.

byggeplass, grindverk, grindbygg

Driftsbygget byrjar å ta form.

byggeplass, grindverk, grindbygg

Moberg håpar på å kjøpa inn målarkostar til sommarferien.

byggeplass, tømmer, material, grindverk, grindbygg

Folk stoppar opp og kikkar. Moberg får mange positive tilbakemeldingar på det nye bygget.

Det vårast. Knoppane sprett og lufta blir varmare. Frosten har forlengst tint og regnet har tørka opp att. Ullhanskar, hue og oljehyre er erstatta med shorts og t-skjorte. I takt med at snikkarane kastar kleda av, kler grindverket på seg.

byggeplass, takstol, grindverk, grindbygg

Snart er taket tett.

byggeplass, tømmer, material

Dei siste førebuingane er unnagjort.

Lars Ingvald Folkedal, byggeplass, grindverk, grindbygg

Prosjektleiaren sjølv klargjer for at siste grinda skal reisast.

Ni av ni grinder er straks på plass. Prosjektleiar Folkedal har tatt turen for å sjå til at alt går som det skal.

Sjå animasjon nedst i saka.

Det gjer det jo sjølvsagt ikkje. Grinda er blytung, ifølge Folkedal veg den "oppmot eit lite tonn". Det eine skråbandet løsnar, men det er inga sak for tradisjonshandverksnikkarane.

byggeplass, grindverk, grindbygg

Litt klatring og fiksing, eit par skruer og ein stropp er alt som skal til.

byggeplass, grindverk, grindbygg

Så lirkar dei det på plass att.

byggeplass, grindverk, grindbygg

Alt enda lukkeleg til slutt. Bygget er reist.

Powered by Labrador CMS